Book of Common Prayer er altarboka i den Den anglikanske kyrkja.
Her finst ordningar for enkle gudstenester (Service), dåp, nattverd , messe, konfirmasjon, truloving , ordinasjon med vidare.
Den fyrste utgåva kom i 1549, i hovudsak ved Thomas Cranmer, under regjeringstida til barnekongen Edvard VI. Utgjevinga hadde samanheng med reformasjonen i England. Då Book of Common Prayer vart teken i bruk, vart det slutt på bruken av latinsk liturgi i kyrkjene. Somme stader i England førte dette til oppreist, spesielt blant dei som ikkje hadde engelsk som morsmål. I Cornwall vart bønebokoppreisten brutalt nedslegen, og fleire tusen menneske vart massakrerte. Kneblinga av oppreisten er sidan rekna som spikaren i kista for det korniske språket.
Nye omarbeidde utgåver av Book of Common Prayer kom i 1552, 1559, 1604 og 1662. Ved sida av ei Alternative Service Book frå 1980 og Common Worship: Services and Prayers for the Church of England er 1662-utgåva enno i bruk i Den engelske kyrkja.
Altarbøker som byggjer på Book of Common Prayer er òg i bruk i USA og i andre engelskspråklege kyrkjer.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Book of Common Prayer, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.