Kornisk

Kornisk (kornisk Kernowek) er eit keltisk språk, i den brittonske greina av dei øykeltiske språka.

Den næraste slektningen til kornisk er bretonsk.

Kornisk
Kernowek
Klassifisering Indoeuropeisk
 Keltisk
  Øykeltisk
   Brittonsk
Bruk
Tala i Storbritannia
Område Cornwall
Kornisktalande i alt 3500
Skriftsystem Latinsk
Offisiell status
Offisielt språk i Cornwall
Språkkodar
ISO 639-1 kw
ISO 639-2 cor
ISO 639-3 cor

Kornisk vart snakka i Cornwall fram til slutten av 1700-talet, med spreidd kunnskap om rim, regler, og framfor alt stadnamn på kornisk gjennom 1800-talet. Revitaliseringa av kornisk tok til med Henry Jenner si Handbook of the Cornish Language, som kom ut i 1904. I dag har kornisk mellom 100 og 500 talarar, og kanskje så mange som 3500 som har kjennskap til språket.

Skriftspråk

Tradisjonell kornisk

Revitalisert kornisk

Revitaliseringa av kornisk tar til med Henry Jenner sitt arbeid, i 1904. Etter det har det vorte utarbeidd fire ulike revisjonar av Jenner sitt arbeid, basert dels på ulike periodar av klassisk kornisk, og dels på ulike ortografiske prinsipp.

  1. Sameint kornisk, Unified Cornish (Nance: Kernewek Unyes)
  2. Moderne kornisk, Modern Cornish (Gendall’s Curnoack Nowedga)
  3. Felles kornisk, Common Cornish (George’s Kernewek Kemmyn)
  4. Revidert sameint kornisk, Unified Cornish Revised (Williams’ Kernowek Unys Amendys)

Sameint kornisk

Sameint kornisk (Unified Cornish, UC) vart innført av Robert Nance med læreboka hans Cornish for All, 1929, og det representerer den første splittinga i revitaliseringsarbeidet til kornisk. Til skilnad frå Jenner, som tok utgangspunkt i 1700-talskornisk (moderne kornisk / seinkornisk), ville Nance sameine revitalisert kornisk med mellomalderkjeldene (derfor namnet). Sameint kornisk var det første praktiske framlegget til eit revitalisert kornisk, og det var i nesten 60 år den einaste standarden for revitalisert kornisk. Stavemåten var standardisert, og det Nance laga ord på basis av walisisk og bretonsk som ikkje var belagt i korniske tekstar, og publiserte dei i dei kornisk ordbøkena (1934, 1938).

Moderne kornisk, eller seinkornisk

På 1970-talet var sameint kornisk kritisert for ikkje å vere i stand til å uttrykke ein del fonologiske distinksjonar som må ha vore til stades i klassisk kornisk. Tidleg på 1980-talet publiserte Richard Gendall eit nytt system som var basert på 1700-tals-tekstar, t.d. Nicholas og John Boson, William Rowe og Thomas Tonkin. Dette systemet vart av tilhengarane kalla moderne kornisk, eller revidert moderne kornisk, for å skilje den moderne versjonen frå 1700-talskornisk. Motstandarane kalla det seinkornisk, for å la ordet "moderne" stå for all revitalisert kornisk.

Felles kornisk

Eit anna initiativ, som kom omtrent samstundes, kom frå Ken George. I 1986 presenterte han ei ny rettskriving, kernewek kemmyn, eller felles kornisk. Det tok utgangspunkt i mellomkornisk, men la ein fonologisk analyse til grunn, innretta ortografien etter denne fonologiske analysen, og presenterte reglar for uttale. Dette systemet fekk godkjenning av Kesva an Taves Kernewek/The Cornish Language Board, og fleirtalet av dei kornisktalande bruker dette systemet.

Revidert sameint kornisk

Felles kornisk møtte kritikk, ein av dei meir systematiske kritikarane var Nicholas Williams, som i 1995 presenterte kernowek unys amendys, eller revidert sameint kornisk. Dette systemet bygde, som namnet seier, vidare på sameint kornisk, og det la mellomkornisk til grunn. Revidert sameint kornisk prøver også å vere eit regelmessig system, men samanlikna med felles kornisk ligg det nærare dei attesterte tekstane.

Situasjonen i dag

Kornisk har fått støtte frå EU i revitaliseringsarbeidet, og The Cornish Language Development project har i 2007 sett i gang ein prosess for å kome fram til ein ortografi for kornisk.

Viktige årstal i revitaliseringsarbeidet:

  • 1904: Henry Jenner publiserer si Handbook of the Cornish Language, starten på revitaliseringsarbeidet. Jenner orientere seg primært mot seinkornisk.
  • 1928: Etter forbilete frå walisisk Gorsedd og bretonsk Goursez blir det oppretta ein kornisk Gorsedh.
  • 1929: Robert Morton Nance publiserer Cornish For All, der han legg fram ein ny ortografi, meir innretta etter mellomkornisk. Denne ortografien blir kalla Kernewek Unys, og er i allmenn bruk fram til 1986.
  • 1938: Nance publiserer ei Cornish-English Dictionary.
  • 1984: Den første korniske romanen, An Gurun Wosek a Geltya (Den blodige krona til Keltia) av M. Bennetto blir offentleggjort.
  • 1986: Den første splittinga i målrørsla: Richard Gendall byrjar undervisning i rekonstruert seinkornisk (Curnoack Nowedga).
  • 1986: Ken Georges forslag til ei rettskrivingsreform etter det fonologiske rekonstruksjonen i hans The Pronunciation and Spelling of Revived Cornish blir godkjend. Kernewek Kemmyn blir den nye standarden.
  • 1992: Standardordboka for Kernewek Kemmyn, Gerlyver Kernewek Kemmyn: An Gerlyver Meur, kjem ut.
  • 1995: Nicholas Williams kritiserer alle dei tre varantane som har vore i bruk så langt, og gjer framlegg om ein ny ortografi, Kernowek Unys Amendys. Denne ortografien er ei vidareutvikling av Kernowek Unys.
  • 2000: English-Cornish Dictionary: Gerlyver Sawsnek-Kernowek, standardorboka for KUA, kjem ut.
  • 2002: Storbritannias regjering anerkjenner kornisk som eit språk som gjer krav på status som minoritetsspråk. An Testament Nowydh, Det nye testamentet, kjem ut i KUA.
  • 2004: Nytestamentet kjem ut i KK.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Kornisk 
Kart som viser det gradvise bortfallet av kornisk


Kornisk  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Kornisk SkriftspråkKornisk KjelderKornisk BakgrunnsstoffKorniskBretonskBrittonske språkKeltiske språkØykeltiske språk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

LemmingMusvåkTorinoFlekkdverglerkeZjalejkaMaterialismeVitamin KBosnia-HercegovinaKoptisk kristendomSamleieRomskipPeter SeebergDet russiske alfabetetSteinar AlbrigtsenIsraelKrosstogCarl XVI Gustaf av SverigeLatviaRepublikken KomiMusikkgruppa GTRPeace in the ValleyDet greske alfabetetNynorskLibanonLewis CarrollSaltTrondheimsfjordenSexyBrasilRimVågan kyrkjeSax-a-boomThe ConstruKction of LightEspen Barth EideKnapstadProfesjonEdelpapegøyeArja SaijonmaaTwo Against NatureAnalgetikaEmil IversenAnarchy OnlineParaíbaMosesAki KarvonenVåren av Aasmund Olavsson VinjeRhinenChampions LeagueLiten stormHar SedomKöppen si klimaklassifiseringMusikkgruppa GåteOlav BjaalandMartina HingisAgenda 2030Kinn kommuneIndiaDavid LindleyTor Åge BringsværdFylkesveg 233 i OpplandOpus DeiVårsøgEdvard VII av StorbritanniaGdańskBodø kommuneGeirr TveittPatogen soppArne Kjell LarsenAlbert EinsteinAtenDet britiske imperietOwner of a Lonely HeartIngeborg WaltherSelda EkizDet norske alfabetetVM i fotball 1986Andalucía🡆 More