Eit bokbål er ein seremoni eller aksjon der bøker vert brente, ofte som ein politisk eller religiøs handling eller ytring.
Bokbål kan òg vera uttrykk for meiningssensur i diktatur eller gjennomførast som eit anslag mot «moralsk forfall», «vestleg ytringsfridom» eller andre ikkje-ønskelege tendensar og meiningar. Brenning av bøker gjev i vår tid særleg assosiasjonar til nasjonalsosialistiske bokbål i Hitler-Tyskland.
Offentleg brenning av bøker vert òg kalla autodafé, oppkalla etter den spanske og portugisiske inkvisisjonen sin seremonielle «troshandlinger» , offentlege domsavseiingar og avrettingar av kjettarar, som vart gjort fram til 1700-talet.
I 1997 brann Olav Torheims humoristiske mediastunt «Volda Militante Målungdom» skolebøker på bokmål i protest mot bokmålsdominansen i samfunnet.
I 2005 brann den unge Høgre-politikaren Harald Victor Hove ein nynorskordliste i protest mot obligatorisk opplæring i sidemål på skulen. Brenninga vart filma for bruk i ein reklamefilm på internett, men vart ikkje publisert på grunn av mykje negativ medieoppslag.
I mars 2006 brann komikeren Otto Jespersen fleire bøker i Ålesund for eit innslag i fjernsynsprogrammet Rikets røst. Innslaget var blant anna ein protest mot Jantelovens sterke stilling i Ålesund. Han brann blant anna Aksel Sandemose si bok En flyktning krysser sitt spor, bøker av Ari Behn og Märtha Louise, falske tusenlappar og Bibelen. Ordføraren i Ålesund, Arve Tonnig, var òg med på bokbålet, men reagerte då Bibelen skulle brennast. Jespersen reiv då ut Det gamle testamentet og heiv det på bålet. Jespersen har òg uttrykt at han hadde lyst til å brenna Koranen, men hadde problem med å få tak i ei utgåve.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Bokbål, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.