Qín Shǐ Huángdì[a] (259 f.Kr.-210 f.Kr.) var den fjerde kongen av Qin-dynastiet og den første keisaren av Kina. Han er rekna som den som sameinte Kina, og stod for store prosjekt, som første bygginga av den kinesiske muren, eit stort nasjonalt vegsystem og eit mausoleum vakta av ein veldig terrakottahær. Saman med rådgjevaren Li Si utførte han også fleire økonomiske og politiske reformer. Men ettermælet til Qín Shǐ Huángdì er blanda. Han var ein autokratisk og tyrannisk herskar som tok mange liv og forbaud konfusianisme. Den best kjende hendinga, «brenning av bøker og gravlegging av lærde», er blitt eit kinesisk ordspråk.

Qin Shi Huangdi
Qinshihuangdi3.jpg
Føddca. 259 f.Kr.
FødestadHandan
Død10. september 210 f.Kr.
DødsstadXi'an
Gravstadmausoleet til Qin Shi Huangdi
DynastiQin-dynastiet
FarZhuangxiang av Qin
MorZhao Ji
Bornprins Jianglü, prins Gao, Ziying, Qin Er Shi Huangdi, Fusu

Keisaren vart fødd som Ying Zheng i Handan i det som nå er Hebei. Han krona seg til keisar i 221 f.Kr..

Merknadar

  1. kinesisk 秦始皇帝, uttale

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  Commons har multimedium som gjeld: Qin Shi Huangdi

This article uses material from the Wikipedia article Qin Shi Huangdi, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.