Bok

Bok (frå norrønt bók) er ei samanbinding av fleire blad av papir, pergament eller anna eigna materiale.

    For treslaget, sjå bøk.

Materialet er samanføyd langs ei side, ryggen, og som regel bunde inn i eit meir robust materiale. Den som skriv ut ei bok blir kalla ein forfattar, den som gjev henne ut, ein utgjevar.

Bok

I overført tyding kan òg bok vera eit litterært verk, eller delar av eit verk (til dømes Ringdrotten, fyrste bok, eller Fyrste Mosebok).

Historie

Boka blei det viktigaste mediet i dei første hundreåra etter Kristus, då ho avløyste bokrullar i Europa. Nøyaktig kva tid ho oppstod er ukjend; det er blitt hevda at Julius Cæsar bretta rullane han skreiv om Gallarkrigene til ei slags bok i trekkspelform. Bøker er lettare å lagra og transportera enn rullar. Talet på bøker ein laga blei likevel avgrensa av det kostbare materiellet og arbeidsinnsatsen som skulle til for å laga dei. Forseggjorte, handskrivne manuskript blei hovudsakleg laga av munkar for rike arbeidsgjevarar, som kyrkja eller føydalherrar.

Ved midten av 1400-talet tok ein i bruk blokktrykking i Europa. Teknikken går ut på å skjera ut eller gravera inn ei heil side på ei tre- eller metallblokk, og så trykka sida ut frå denne. Dette gjorde det noko lettare å laga fleire kopiar av kvar side; men framleis var boklaging ein arbeidskrevjande prosess.

Etter at Johann Gutenberg fann opp ein metode der ein kunne trykka med utskiftbare typar blei det lettare å masseprodusera bøker. Medan bøker tidlegare hadde høyrt til dei rike og mektige blei det no etter kvart mogleg for vanlege folk å eiga dei.

Kjelder

Sjå òg

Tags:

ForfattarNorrøntPapirPergament

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Vest-MakedoníaArne Kjell LarsenMarco PoloSamisk språkhistorieJohn P. HammondLuciano PavarottiKelly ClarksonBrigitØyvind AlsakerNorsk Barneblads ForlagNasjonalplantarH.C. AndersenHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottWikiHerman WildenveyEselReirDag HammarskjöldPeriferieininga IoánninaJonas BrothersPlussKjønnscelleBoliviaHellerman RocksKråkebolleThorleif HaugToy Story 2HindutempelDS «Vesteraalen»Mikal KirkholtVinReguleringsventilSvartehavetPetter NorthugÆHollandDet skeive tårnet i PisaMykeneDompapHøgaste fjell i EuropaPhil MillerCarl XVI Gustaf av SverigeFeberPRISMViggo MortensenNynorskCycles av The Doobie BrothersGresk mytologiR.S. ThomasFacesDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenHåvard RemFridomUnicornNederlandFelix MendelssohnFilmen EllingStøytionisasjonTønsberg kommuneMichael UhrmannAnna Maria EhrenstrahlBruno CoutinhoThomas JeffersonAllahu akbarKristin ClemetEngland og WalesSakharovprisenErnst JosephsonAksel SandemoseTuonelaLonely and BlueKalebassEngelskIltalehti🡆 More