Aukštaitija («høglandet») er ein av fem etnografiske regionar i Litauen.
Namnet kjem av at regionen er relativt høg samanlikna med resten av landet, særleg i austlege delar.
██ Litlelitauen ██ Samogitia ██ Aukštaitija | ██ Sudovia ██ Dzūkija |
Aukštaitija er den nordaustlege delen av Litauen og utgjer òg ein liten del av Latvia og Kviterussland. Den største byen og hovudstad i regionen, sjølv om regionane ikkje er politiske inndelingar, er Panevėžys, med over 100 000 innbyggjarar. Dei største byane med meir enn 20 000 innbyggjarar er :
Regionen er full av innsjøar, hovudsakleg på austsida.
Historisk dekte Aukštaitija området Hertugdømet Litauen opp til 1200-talet. Den første hovudstaden var truleg Kernavė. I avtalen med Gediminas frå 1322 vart Aukštaitija kalla terra Eustoythen («landet til Aukštaitijarane»). Aukštaitija vart nemnd i Austechia i Chronicon terrae Prussiae skrive rundt 1326. Sidan slutten av 1200-talet har området vore ein del av Hertugdømet Vilnius/Litauen og Hertugdømet Trakai. Etter 1400-talet utgjorde Trakai voivodeskap og Vilnius voivodeskap Aukštaitija, som både ein politisk og etnisk eining kalla Eigentlege Litauen.
Regionen har minoritetar av russarar og kviterussarar i aust.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Aukštaitija, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.