Arameisk skrift er eit alfabet utvilka frå det fønikiske, kjennbart som ei eiga skrift frå rundt 700-talet f.Kr.
Arameisk er eit historisk særs viktig alfabet, ettersom det er utgangspunkt for nesten alle moderne skriftsystem frå Midtausten og mange frå Sentral- og Aust-Asia. Alfabetet er bygd opp av konsonantar, men nokre av desse kan også stå for lange vokalar (mater lectionis).
Arameisk skrift blei utbreidd både fordi arameisk var utbreidd som lingua franca i store delar av Midtausten og fordi det var offisielt språk i Det nyassyriske riket og det påfølgjande Akamenideriket. Av moderne skriftsystem er det hebraiske alfabetet likast den offisielle arameiske skrifta frå 400-talet f.Kr. Både utvalet av bokstavar og utforminga deira er svært like.
Etter A Grammar of Biblical Aramaic, Franz Rosenthal. Formene er slik dei blei brukte i Egypt på 400-talet f.Kr. Namna er på bibelsk arameisk.
Bokstavnamn | Utforming | Bokstav | Tilsvarande bokstav på | Lyd | |||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Hebraisk | Arabisk | Gammalsyrisk | Brahmi | Nabataeansk | Kharosthi | ||||
Ālaph | 𐡀 | א | ا | ܐ | /ʔ/; /aː/, /eː/ | ||||
Bēth | 𐡁 | ב | ﺑـ | ܒ | /b/, /v/ | ||||
Gāmal | 𐡂 | ג | ﺟ | ܓ | /ɡ/, /ɣ/ | ||||
Dālath | 𐡃 | ד | د,ذ | ܕ | /d/, /ð/ | ||||
Hē | 𐡄 | ה | ﻫ | ܗ | ? | ? | /h/ | ||
Waw | 𐡅 | ו | و | ܘ | /w/; /oː/, /uː/ | ||||
Zain | 𐡆 | ז | ز | ܙ | ? | ? | /z/ | ||
Ḥēth | 𐡇 | ח | ﺧ,ﺣ | ܚ | ? | ? | /ħ/ | ||
Ṭēth | 𐡈 | ט | ط | ܛ | empatisk /tˤ/ | ||||
Yudh | 𐡉 | י | ﻳـ | ܝ | /j/; /iː/, /eː/ | ||||
Kāph | 𐡊 | כ ך | ك | ܟܟ | /k/, /x/ | ||||
Lāmadh | 𐡋 | ל | ﻟـ | ܠ | /l/ | ||||
Mim | 𐡌 | מ ם | ﻣ | ܡܡ | /m/ | ||||
Nun | 𐡍 | נ ן | ن | ܢܢ ܢ | /n/ | ||||
Semkath | 𐡎 | ס | ﺳ | ܣ | /s/ | ||||
ʿĒ | 𐡏 | ע | ﻏ,ﻋ | ܥ | ? | ? | /ʕ/ | ||
Pē | 𐡐 | פ ף | ﻓـ | ܦ | /p/, /f/ | ||||
Ṣādhē | , | 𐡑 | צ ץ | ﺻـ | ܨ | empatisk /sˤ/ | |||
Qoph | 𐡒 | ק | ﻗـ | ܩ | /q/ | ||||
Rēsh | 𐡓 | ר | ر | ܪ | /r/ | ||||
Shin | 𐡔 | ש | ﺷ,ﺳ | ܫ | /ʃ/ | ||||
Tau | 𐡕 | ת | ﺗـ,ﺛـ | ܬ | /t/, /θ/ |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Arameisk skrift, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.