Peter (fødd rundt år 1 f.Kr., død 64 eller 67) var ein av Jesu tolv læresveinar i Det nye testamentet.
Peter var saman med Jakob og Johannes den som stod Jesus nærmast. Han heitte opphavleg Symeon (gresk Simon) Bar-Jona (son av Jonas), men Jesus gav han kallenamnet Peter (som betyr «Klippa», på arameisk Kefas).
Peter | |||
| |||
Petrus | |||
Dåpsnamn | Symeon (Simon) | ||
---|---|---|---|
Fødd | Omkring kristi fødsel Betsaida i Galilea | ||
Død | Ca. 64/67 Roma | ||
Saligkåra: | Kort tid etter sin død. | ||
Heilagkåra: | Kort tid etter sin død. | ||
Festdag: | 29. juni og 22. februar | ||
Etterfylgjar: | Linus |
Han skal ha vore gift, og ifølgje Klemens av Alexandria skal han også ha hatt barn.
Simon var opphavleg fiskar. Ein dag han fiska i Genesaretsjøen, kalla Jesus han og hans bror, apostelen Andreas til å følgje seg (Matt 4,18-22, Mark 1,16-20, Luk 5,1-10 og Joh 1,40-42).
Peter blir rekna for å vere ein av dei mest sentrale personane i det tidlege kristne samfunnet, saman med Paulus. Peter var den første kristne misjonæren som besøkte heidningar (ikkje-jødar) for å forkynne Evangeliet om Jesus Kristus. Han er derfor kalla heidningane sin apostel.
Peter skreiv òg to brev som er med i Det nye testamentet, Peters fyrste brev og Peters andre brev. Hans namn er knytt til fleire verk utanom Bibelens kanon, derimellom Peters evangelium, Peters apokalypse, Den gnostiske Peters apokalypse og Petersaktene.
Den katolske kyrkja ser Peter som den første paven. Han leid martyrdøden under keisar Nero, truleg i år 64 (tradisjonen seier år 67). Han vart etter vist nok krossfesta i Roma og Peterskyrkja er i følgje tradisjonen bygd over grava hans. Pave Pius XII fekk gjennomført utgravingar under Peterkyrkja, der fann dei ei grav som den katolske kyrkja meiner er Peter si.
Hos Origenes og i Petersaktene er det ei historie om martyriet hans. Han skal etter eige ønske blitt krossfesta med hovudet ned. På den måten ville han vise respekt for Jesus.
Minnedagane er 29. juni (saman med Paulus) og 22. februar (apostelen Peters stol).
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Apostelen Peter, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.