Apostel

Apostel (gammalgresk apostolos, ἀπόστολος) tyder 'utsending', og ordet vert i kristen språkbruk brukt uomsett om Jesu utsendingar.

På latin fekk ordet forma apostolus.

Apostel
'Apostel' måla av Jean-Michel Moreau.

Ordet vert nytta i Det nye testamentet og i kristen tradisjon i ei avgrensa og i ei vidare tyding.

Apostel
Jesus og dei tolv læresveinane hans. Freske frå Kappadokia frå rundt 1100-talet.

Dei tolv apostlane

I avgrensa tyding vert ordet bruka om dei tolv læresveinane Jesus i følgje evangelia valde ut til sine apostlar. Ordet apostel er bruka m.a. i Matteusevangeliet 10.2 og i Lukasevangeliet 6,13.

Opphavleg var Judas Iskariot ein av dei tolv apostlane, men etter at han sveik Jesus og døydde, vart Mattias vald til aposteltenesta, og gjekk inn som ein av dei tolv.

I kunsten vert dei tolv apostlane gjerne framstil med kvar sin helgenattributt, som ofte viser til korleis apostelen leid martyrdauden. Av apostlane var det etter tradisjonen berre Johannes som leid ein naturleg død.

Apostel 
Paulus måla av Philippe de Champaigne på 1600-talet.

Apostelen Paulus

I tillegg til dei tolv apostlane som er nemnde i Apostelgjerningane, vert Paulus rekna som ein av Jesu apostlar. Han gjorde sjølv fleire gonger krav på å bli rekna blant apostlane, og tar apostelnemninga opp spesielt i Korintarbrevet 9,1.

Apostelnemninga i vidare tyding

I Det nye testamentet vert nemninga apostel ved eit par høve òg bruka i ei vidare tyding, om alle kristne misjonærar, som i Apostelgjerningane 14,4 og i Romarbrevet 16,7.

I denne tydinga vert kan ein omtale Ansgar som «Nordens apostel», Thomas von Westen som «Samenes apostel» og Hans Egede som «Grønlands apostel».

Sjå òg

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Apostel  Commons har multimedium som gjeld: Apostel

Tags:

Apostel Dei tolv apostlaneApostel en PaulusApostel nemninga i vidare tydingApostel Sjå ògApostel KjelderApostel BakgrunnsstoffApostelGammalgreskJesus

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Bjørnstjerne BjørnsonNord-AmerikaHønsehaukSusanne SundførKari Werner ØfstiHjørundfjordenMS «Vega» (1938)Jonsereds Fabrikers ABSunnmøreRosaAustvågøy22. juniGjærFinnøyNord-SulawesiKristian ØdegårdLPersiskBokmålSpanskRussiskKind of BlueVassøyna i GulenUngarnTraktorJordanPalestinaLundefuglDen siste istidaAlbert EinsteinStjernebiletet OrionSædgåsLuganoTrepunktsopphengKorallKnut Marius DjupvikPauNordfjordeidKormístaManchester CitySpesifikk varmekapasitetCelsiusKrakenBrusselEreksjonNasjonaldrikkDompapMolde kommuneGina GogeanElvar i RusslandKarl-Heinz RummeniggeSirkelArmeniaNamnedagLinda EideSérresKattVaginaVulkanar i ItaliaGuden RaNikolaus KopernikusLokeNasjonaldagOdd NerdrumAstrid LindgrenItaliaFilmjølkSzilveszter CsollányGoogle MapsLatinScrabbleLofotenHindutempelFrode Grytten🡆 More