Antitrinitarisme

Antitrinitarisme (av gresk anti 'imot' og latin trinitas 'treeining') er ei retning innan kristendomen og ei nemning for kristne grupper og kyrkjer som fornektar den elles utbreidde kristne læra om at Gud består av tre hypostaser eller personar - Faderen, Sonen (Jesus Kristus) og Anden (Den heilage ande) – i eit og same vesen, såkalla trinitarisk teologi.

Historiske retningar

Allereie på 100-talet og 200-talet fanst det fleire antitrinitariarar som kritiserte treeiningslæra, som då var under utvikling. Nokre av dei meinte at berre Faderen er Gud, og at Sonen og Anden var upersonlege krefter (dynamisme). Som representantar for denne retninga nemnar ein vanlegvis Theodotos av Bysants og Artemon av Roma og dessutan biskop Paulus frå Samosata i Syria. Andre meinte at Faren i eigen person var blitt menneske og leid døden for syndene til menneska (patripassianisme). Namn knytte til dette synet er Praxeas av Vesle-Asia, Noetos av Smyrna og Beryllos av Bostra i Arabia. Med eit felles namn blei dei kalla monarkianarar, ettersom valspråket deira var monarchiam tenemus (me held fast ved Guds eining). Ei tredje gruppe meinte dei kunne verna om eininga i guddomen gjennom føresetnaden om at dei tre guddomspersonane berre opptrer suksessivt i openberringformer (modi) av det upersonlege gudomsvesenet. Hovudmannen for denne retninga, som hadde tilhengjarar kalla modalistar, var presbyteren Sabellios av Ptolemstis i Afrika.

Arianismen (frå presbyteren Arius av Alexandria, 256–336) lærte under påverknaden av nyplatonismen at Sonen og Anden var skapte vesen og dermed ikkje Gud. Sjølv om Sonen er det mest fullkomne verket til Faderen er dei vesensskilde, og Guds Son blir berre kalla «Son» i same tyding som menneska blir kalla «Guds folk». Faren er altså størst åleine, som Jesus tydeleg vitna om i evangelia (Johannesevangeliet 14:28).

Treeiningslæra som ho ser ut i dag blei fastlagt ved kyrkjemøtet i Nikea i 325, men òg ved det fyrste kyrkjemøtet i Konstantinopel i 381 innan den såkalla «klassiske kristne kyrkja». Bibelen gjev ikkje noko klart svar i spørsmålet om Jesu gudommelegheit, sjølv om både tilhengjarar og motstandarar av Treeiningslæra hevdar at han gjer. Det finst usemje rundt spørsmålet, som var blitt større om ikkje dei leiande patriarkane var blitt samde om spørsmålet på 300-talet.

I reformasjonstida oppstod det (særleg i Italia, Sør-Tyskland og Sveits) ei heil rekkje protestantiske antitrinitariar, òg kalla unitarar (av latin unitas, 'eining'), som òg freista å nedkjempa den kyrkjelege treeininglæra. Dei fremste forfektarane for denne læra var Hetzer, Denck og Campanus og dessutan Miguel Serveto, som blei brunnen på bål i 1553. Den mest utvikla antitrinitariske unitarismen finst hjå socinanane. På 1800- og 1900-talet hadde unitarismen særleg spreidd seg i Nord-Amerika og Storbritannia. Helge Åkeson (1831–1904) var ein svensk antitrinitarisk baptistpredikant i Sverige på 1800-talet.

Moderne antitrinitarisme

  • Branhamismen
  • Familieføderasjonen for verdsfred og semje (Moonrørsla)
  • Iglesia ni Cristo
  • Jehovas vitne
  • Jesu Kristi kyrkje av siste dagars heilage ("mormonar"):
    • Kristi kyrkje med Elias bodskap, ei lita kyrkje innanfor mormonismen
  • Retningar innan pinserørsla (som likevel vanlegvis omfattar trinitarisme):
    • Nardus-menighetene
    • Oneness-rørsla
    • The True Jesus Church
    • United Pentecostal Church
  • Stone-Campbells reformasjonsrørsle:
    • Kristadelfianarar
  • Swedenborgianismen
  • Unitarisme

Kjende antitrinitariar

  • Lukianos av Antiokia, d. 312 e.Kr.
  • Arius, d. 336 e.Kr.
  • Asterius Sofisten, d. 341 e.Kr.
  • Constantius II, d. 361 e.Kr.
  • Artemius, d. 363 e.Kr.
  • Akakios av Cæsarea, d. 366 e.Kr.
  • Aëtius av Antiokia, d. 367 e.Kr.
  • Auxentius av Milano, d. 374 e.Kr.
  • Wulfila, d. cirka 383 e.Kr.
  • Hans Denck, 1495–1527
  • Miguel Serveto, 1511–1553
  • Isaac Newton, 1643–1727
  • William Whiston, 1667–1752
  • Emanuel Swedenborg, 1688–1772
  • Thomas Jefferson, 1743–1826
  • Joseph Smith, 1805–1844
  • Dr. John Thomas, 1805–1871
  • Ralph Waldo Emerson, 1803–1882
  • Charles Taze Russell, 1852–1916
  • William M. Branham, 1909–1965
  • Herbert W. Armstrong, 1892–1986

Sjå òg

  • Arianisme
  • Anomoeanisme
  • Akakianane
  • Kritikk mot treeiningslæra
  • Bibliotheca antitrinitariorum

Kjelder

Antitrinitarisme  Denne artikkelen inneheld utdrag frå Nordisk familjebok, eit svensk leksikon gjeve ut mellom 1904 og 1926 som i dag er offentleg eigedom.

Tags:

Antitrinitarisme Historiske retningarAntitrinitarisme Moderne antitrinitarismeAntitrinitarisme Kjende antitrinitariarAntitrinitarisme Sjå ògAntitrinitarisme KjelderAntitrinitarismeDen heilage andeGreskGudGud FaderJesusKristendommenLatin

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GhanaNasjonaldrikkAndre pinsedagBukspyttkjertelenGoiásBuddhistiske høgtiderLike-til-likeAmmoniumkloridNasjonalrettAlta-Kautokeino-vassdragetOslo kommuneCarl XVI Gustaf av SverigeDag HammarskjöldDet første krosstogetPeriferieininga KardítsaMusikkgruppa GåteGustav ValsvikAdolf HitlerNorsk fonologiSoltidDurgaHundWayback MachineLímni PlastíraIndiaCowboy-LailaHlíðarfjallBlandingFridomssosialismeMax CarlMusculus latissimus dorsiBuVictoria av SverigeDen norske språkstridenReutersGonzález IslandOzzy OsbourneFranskArsenal FCTenaza PeakEngelskTrekanthandelFlåklypa Grand PrixEnrico CarusoØrland kommuneHollandMiddelhavetRomandieAkhelóos i KardítsaUTCBergenRekonvalesensGrønlandPeter Wessel TordenskjoldVladimir PutinNynorskAbugidaVM i fotball 2022Pannemerke i hinduismenTrabzonKarsten WarholmRotteIngvild KjerkolIolkósDet tredje riketABBAKristian IV av Danmark-NoregKvalsafariHaikuOrganistUkrainaArtemisRonja Røverdatter🡆 More