Unitarisme

Unitarisme er kristne retningar som voks fram etter reformasjonen og som førte til etablering av frie trudomssamfunn utan felles dogme og utan felles organisasjon.

Felles for dei fleste unitarkyrkjene er at dei meiner at læra om treeininga strider mot trua på at Gud er éin, derav namnet «unitar» (frå latin: unitas, som tyder einskap). Verken Kristus eller Heilaganden har guddommeleg natur; Jesus er i staden halden for å vere eit menneske med usedvanlege eigenskapar. Vidare er fornuften og det moralsk nyttige ei norm for religiøs sanning.

Likevel står den enkelte unitar fritt til sjølv å bestemme sitt tilhøve til læra om treeininga og andre dogme. Unitaristane vil heller samle seg om Jesu lære, enn å stridast om dogmatiske detaljar som dei opplever som uvesentlege.

Historie:

Trusretninga blir òg kalla socianisme etter teologen og samfunnsgrunnleggaren Fausto Sozzini (d. 1604). Unitarkyrkja oppstod som kyrkjesamfunn på 1560-talet som ein direkte følgje av reformasjonen i Transilvania og Polen. I Ungarn og Romania er unitarkyrkjene rekna som nasjonale kyrkjer, og dei har ei sams samanhengande historie som går attene til 1568. Dei første unitarinspirerte kyrkjene i Polen døydde ut som kyrkjesamfunn på 1600-talet.

I Noreg vart samfunnet etablert i 1895. Blant dei mest kjende norske unitarar finn vi Hans Tambs Lyche, Kristofer Janson, Herman Haugerud og ekteparet Nina og Edvard Grieg. I Noreg er unitarismen i dag representert ved Den norske unitarkirke.

Kjelder

  • Verdens religioner, Politikens forlag 1974

Bakgrunnsstoff

Tags:

DogmeKristendommenReformasjonen

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SvastikaCosta RicaAlenAad GjelleTysklandHarald V av NoregPanamakanalenHeilage onsdagIvar AasenVoss heradMinar-e-PakistanKolahalvøyaLübeckBelgiaStrilamålBroen over KwaiTrepunktsopphengPurreAndre påskedagCERNBrusselOppdalGullarsAngela Burdett-CouttsBuddhismenGoogleMaya AngelouHollandNotoddenAllahu akbarOttomanBrest i Frankrike923Atomubåtar som har gått nedRøyskattBjordalMilli2022Prins Harry, hertug av SussexMenneskerettarOkraSlaget om StalingradSnømyrkreBuckminsterfullerenKjell Magne BondevikAC/DCFinsk fonologiArne Alsåker SpildeLeonard RickhardMolde kommuneNonKonglebitMeisterklasseHinnøyaVulkanar i Italia2021Gol vidaregåande skuleFjernsynsserien SkamGjermund EggenInternettNederlandKristian ØdegårdGjærSaltÆrfuglHarold BloomSnøkvitAntonio BanderasHenrik IbsenLibanon🡆 More