Pinserørsla er ei felles nemning for ei verdsfemnande kristen rørsle av sjølvstendige kyrkjesamfunn og kyrkjelyder som legg særs stor vekt på det som vert kalla bibeltru kristen lære, det vil seie bokstavleg tolking av Bibelen som Guds eigne ord, og som byggjer mykje av sin religiøse praksis på skildringa i boka Apostelgjerningane i Bibelen av den dåpen i Den heilage ande som skjedde pinsedagen i Jerusalem, då læresveinane mottok Den heilage ande som eld frå himmelen ti dagar etter Jesu himmelferd.
Pinserørsla gjer aktivt bruk av dei såkalla nådegåvene som Den Heilage Ande gjev dei truande i form av til dømes evne til tungetale (det vil seie å frambringe heilt eller delvis uforståelege språklege lydar under ein slags religiøs ekstase), profeti og læking av sjukdomar og lyter ved bøn. Rørsla held seg til truandedåp (det vil seie dåp av dei som medvite har valt å verte døypt), som går føre seg ved at vedkomande vert dukka heilt ned i vatnet.
Pinserørsla har opphav i USA på byrjinga av 1900-talet, og spreidde seg snøgt ut over USAs grenser. Rørsla vart introdusert i Noreg og resten av Skandinavia av den norske, engelskfødde metodistpresten Thomas Ball Barratt etter at han hadde opplevd Heilagandens dåp i New York i 1906. Den svenske baptistpresten Lewi Pethrus kom òg til å spele ei stor rolle for utbreiinga og utviklinga av pinserørsla i Skandinavia.
Medlemene av pinserørsla vert ofte kalla pinsevenar. Tidlegare kunne medlemane dessutan verte kalla lesarar av di dei legg stor vekt dagleg bibellesing.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pinserørsla, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.