Å tale i tunger eller tungetale er nemningar brukte om uforståeleg tale som finn stad i religiøs samanheng.
På latin og fleire andre språk blir det kalla glossolalia eller glossolali.
Ein ser ofte tungetale i samband med besetting eller profetisk henrykking der guddommen talar gjennom ein utvald, ofte for å gjeva varsel eller åtvaringar. Pythia ved orakelet i Delfi kom til dømes med spådommar under transe som så blei tolka av prestar.
Tungetale blir skildra i kristendommen, særleg i pinserørsla, som et bønespråk for dei som vil be med anden i tillegg til med tankar og ord. Tungetale blir då rekna som ein nådegåve gjeven av Gud, ved heilag-anden, til den enkelte kristne. Agnes Ozman blir rekna som den første som talte i tunger då pinsebevegelsen fekk gjennombrotet sitt tidleg på 1900-talet.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tungetale, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.