Gud Sonen: Den andre personen i den kristne treeininga, Jesus

Guds son, Gud Sonen eller berre Sonen er rekna som den andre personen i den kristne Treeininga.

Kristologi tek for seg læra om vesenet til Gud Sonen.

Gud Sonen: Den andre personen i den kristne treeininga, Jesus
Gud kviler etter skapinga – Jesus avbilda som skaparen av verda i ein bysantinsk mosaikk i Monreale på Sicilia.

Doktrinen om treeininga identifiserer Jesus som inkarnasjonen av Gud, av same vesen som Gud Fader og Den heilage ande, men distinkt i person. Kyrkjelæra i dei ortodokse, romersk-katolske, anglikanske, lutherske og reformerte kyrkjene seier alle at Jesus sameiner ein guddommeleg og ein menneskeleg natur i same person.

Soge

Uttrykket «Gud sonen» (gresk Θεός ὁ υἱός, latin Deus Filius) finst ikkje i Bibelen, men opptrer i seinare kristne kjelder.

Den nikenske truvedkjenninga tek for seg trua på Gud Sonen:

    Vi trur på ein Herre, Jesus Kristus,
    Guds einborne Son, fødd av Faderen før alle tider,
    Gud av Gud, ljos av ljos, sann Gud av sann Gud,
    fødd, ikkje skapt, av same vesen som Faderen.

Den athanasianske truvedkjenninga skildrar personane nærare:

    Med dette er den sams kristne trua, at vi ærer ein Gud i Treeininga
    og treeininga i einskapen.
    Med di vi korkje blandar i hop personane eller kløyver grunnvesenet.
    For ein person er Faderen, ein annan Sonen, ein annan Den Heilage Ande.

Skismaet mellom Austkyrkja og Vestkyrkja i 1054 kan førast tilbake til ei usemje om både Faren og Sonen er opphavet til Den heilage ande, som Vestkyrkja heldt fast ved (filioque), eller om anden har opphav i Faren åleine, som Austkyrkja heldt fast ved.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

KristologiTreeininga

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Det norske alfabetetBiologisk familieJernKleopatraJordbruksrevolusjonenCelsiusJamstellingsvedtaketEselSkiáthosVinter-OL 1988GlimmerMiddelhavetJan MayenSagaen om IsfolketBokfinkSoltidHappy HumanPeter Wessel Tordenskjold23. aprilAnders AuklandAust-ArjithéaSaltAfghanistanFredrik SolvangBloggBjørnNyttårSosialistEnrico CarusoGrønLamíaKvalsafariArian EngebøGrønlandWienerklassisismenLavaNorsk fonologiDet ukrainske alfabetetERaudstrupeMP3Hardy-gutteneNasjonaldyrIslandJesusTalordAustraliaBrusselNasjonaldraktEtanGhanaVegard UlvangEyvind JohnsonAlenBergenJemenBrennverdiKvaeLinn UllmannFilmserien Harry PotterVerkstadKardítsaFridomssosialismeAmalie SkramKristoffer ColumbusEl NiñoMoldaviaGustav ValsvikInsulinVendlandPortugisiskKari Bakke🡆 More