Massemedium

Massemedium eller berre medium er alle typar kommunikasjon som vert brukte for å nå ei stor mengd menneske, typisk innbyggjarane i eit land.

Omgrepet vart til på engelsk på 1920-talet, og viser derfor til mange nye eller vidareutvikla former for medium som samfunnet fekk på denne tida. Aviser, blad, radio, fjernsyn og kinofilm er døme på desse, medan andre former som Internett er komne til i nyare tid.

Massemedium
Bilete av ein aviskiosk i Roma.

Utvikling

Utvikling av nye former for medium, som film, og nye kopieringsmåtar ved byrjinga av 1900-talet førte til ein stor auke i det som blei gjeve ut, og måten det blei utgjeve på.

På same tid som medium og medieomgrepet utvikla seg, såg ein det store potensialet massemedium hadde til å påverka massane. Dei kunne brukast til propaganda og reklame, men òg til å kritisera det som var feil i samfunnet. Med eit større nedslagsfelt fekk media større gjennomslagskraft.

Massemedium er blitt kalla den fjerde statsmakta ettersom dei kan påverka opinionen ut frå kva dei skriv om. Ved å vera kritiske skal dei kunna fella regjeringer, og ved å lovprisa skal dei kunna støtta dei. Ei fri og kritisk presse vert derfor rekna som svært viktig i eit verkeleg demokrati. Den uavhengige pressa kan verta truga av sensur både frå myndigheitene si side og frå sterke eigarinteressar eller annonsørar.

Sjå òg

Kjelder

Tags:

AvisEngelsk språkFjernsynInternettRadioTidsskrift

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Molde kommuneHardy-guttene27-årsklubbenSirkelISO 8601Implisitt og eksplisitt funksjonJorvikMengdKjeleelvtindenSamisk kulturRichie FaulknerKleopatraVerdas landEbba HultkvistJehovas vitneGoogleHolbækEmma EllingsenMjøsaLagerthaAsbjørnsen og MoeEventyrIsNorsk ytre språkhistorieHandball-EM 2004 for mennSeladonLemmingChampions LeagueHarry PotterNakenskapPetter DassSamvirkelagNasjonaldrikkAndStrilamålJamstellingsvedtaketJan MayenDonald TrumpStorfuglSunnmøreTeknologiMoldaviaDamplokomotivAdolf HitlerTidvatnGlimmerHollandDet engelske herrelandslaget i fotballStatsreligion23. aprilRio de JaneiroNaturPeriferieininga SporadaneMauritaniaKalambákaListe over primtalFylkesveg 751Johann Sebastian BachMaud av NoregPalamásEritreaHydrogencyanidAluminiumReutersPungrevOksygenTallerkenAureMP32019IslandAlenMMidsommarPeter Wessel TordenskjoldTaekwondo🡆 More