Resett

Resett, òg kjend som Resett.no, var ei norsk nettavis og mediekanal som formidla nyhende og meiningsinnhald.

Nettavisa vart lansert 28. august 2017 med Helge Lurås som ansvarleg redaktør. Talet på unike lesarar har vore på opptil 560 000 per månad. Resett tok sikte på å «framstille saker frå ein annan vinkel enn etablerte massemedium, og få fram sakene som massemedia ikkje ønskjer å dekkje». Nettavisa følgde etter eiga utsegn Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.

Resett
Resett
LandNoreg
TypeNettavis
Org.nummer912384713
Grunnlagd28. August 2017
Nedlagd14. desember 2022
EigararDatum Invest
Redaktør(ar)Helge Lurås
SpråkNorsk
HovudkvarterOslo
Nettstadresett.no

Historie

Resett vart grunnlagd av Øystein Stray Spetalen, Jan Haudemann-Andersen, Mikkel Dobloug, Monica Staff, Håkon Wium Lie og redaktør Helge Lurås med ⅙ eigarskap kvar. Seinare har fleire investorar kome til. I juli 2018 vart det kunngjort at Resett totalt hadde 21 eigarar med ulike eigarandelar.

Resett oppgjer å følgja dei presseetiske reglane i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten, men har ikkje fått medlemskap i dei etablerte medieorganisasjonane i Noreg.

Redaksjonen følgjer i tillegg sin eigen «Resett-plakat» som blant anna fastsetter at «Resett skal jobbe for demokrati og eit liberalt samfunn basert på det beste i den vestlige kulturhistorien» og «Resett skal tørre å ta de vanskelige og tabubelagte debattene og gje folk flest ein plattform til å ytre seg». Tidlegare redaksjonssjef Lars Akerhaug begrunna Resett sin forretningsmodell med behovet for eit medium som kan diskutera «betente spørsmål som kulturelle konsekvenser av høy innvandring» og fordi «de etablerte mediene og kultureliten» angiveleg stemplar vanlege folks meinigar som fordomsfulle og hatefulle.

Før etableringa av Resett var redaktøren Helge Lurås skeptisk til norsk krigføring i utlandet. Skepsisen han kjem óg til uttrykk i Resett som har publisert analysar av NRK Dagsrevyen si dekning av Libya-konflikten.

I følgje journalisten Carline Tromp byggjer Resett på same oppskrift som Breitbart, med sensasjonsprega overskrifter om muslimar og islam, og skulningar mot hovudstraumsmedium og politikarar om løgn og bedrag. Resett har óg drive harde kampanjar mot einskildpersonar.

Eigarar

I 2018 var 21 eigarar i Resett.

16 eigarar kom til i 2018; Nye aksjonærar var (2018) mellom anna finansaktørar Geir Eyvind Hesselberg, Wenche Skullerud, Harald Dahl og Joakim Olsen Saunes, i tillegg til medarbeidarar i Resett

Kontroversar

Politiske kommentatorar i Dagsavisen og Dagbladet har hevda at Resett stadig bryt Ver Varsam-plakaten, og at Resett difor må reknast som ein politisk kampanje og ikkje ei avis. Ein forskingsrapport som analyserte artiklar og kommentarfelt i Resett, fann ingen klare brot på Ver Varsam-Plakaten.

3. januar 2018 stod Resett bak offentlegjeringa av «Grande-saken». Seinare kritiserte Resett VG for å ha tia om saka i fleire år, før VG etter Resett si avsløring skal ha forsøkt å gjere saka til si eiga utan å kreditere Resett.

Resett publiserte fleire artiklar om Sumaya Jirde Ali, etter at ho ropa ukvemsord om justisminister Sylvi Listhaug på ei prisutdeling. Omtala av Ali blei kritisert av Unge Høgre sin leiar, Sandra Bruflot og av Erna Solberg som kalla henne «forkastelig». Ali klaga i februar 2018 Resett inn for PFU, men klaga blei ikkje behandla, då Presseforbundet endra vedtektene slik at det ikkje lenger var mulig for Resett og andre redaksjonar som ikkje var medlem av grunnorganisasjonene i pressa å få klager behandla. Aftenposten, Dagbladet, Morgenbladet og Dagsavisen kritiserte Resett si redaksjonelle linje i behandlinga av Ali. Ein forskingsrapport konkluderte med at det var uklart om Resett ville blitt felt i PFU for den redaksjonelle omtala si av Sumaya Jirde Ali.

27. februar 2018 blei Resett felt av Pressens Faglige Utvalg etter å ha publisert ein artikkel om redaktør Erik Sønstelie i 2017 utan å gje han tilsvarsrett. Organet blei òg kritisert for manglande opplysningskontroll og for ikkje å ivareta skiljet mellom kommentarar og faktiske opplysningar.

Dåverande kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner meinte politiet burde etterforska om kommentarar på nettstaden Resett braut med lova for hatefulle ytringar etter å ha lese kommentarfelt i etterkant av terrorangrepet 15. mars 2019 i Christchurch på New Zealand. Redaktør Helge Lurås meinte Resett verken legitimerte eller applauderte kommentarar, men oppfordra Sanner til å melde kommentarar han meinte fall utanfor ytringsfridomen.

I 2019 omsette NRK Satirisk 39 utdrag frå Anders Behring Breivik sitt «manifest» og la dei i kommentarfeltet på Resett under det oppdikta namnet Jan A. Johansen. Alle innlegga blei aksepterte av Resett sin moderator. Særleg innlegga med aggressiv tone fekk mange bifall.

Resett blei 23. april 2019 låst ute av Google sitt reklamesystem adSense, for brot på retningslinjene. Google meinte at avisa i strid med regelverket hadde oppfordra lesarane sine om å klikke på annonsar. Annonsørane fekk refundert utgiftene sine, og Resett fekk ikkje lenger vise adSense-annonsar. Nettstaden var på førehand blitt svartelista av store annonsørar. I oktober 2019 rapporterte Resett at dei igjen brukte Google adSense.

30. april 2019 avslutta betalingstenesta Vipps kundeforholdet sitt til Resett med grunngjevinga at avisa var «så polariserende» og hadde «misbrukt merkevaren Vipps». Utestenginga skapte reaksjonar, då Vipps er ei essensiell teneste, og stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik stilte spørsmål ved om ikkje Vipps har kontraheringsplikt. Vipps omgjorde vedtaket etter kort tid.

18. september 2019 sendte Lars Gule ein Resett-artikkel om Abid Raja med kommentarfelt til politiet, då han meinte at ein kommentar til artikkelen framstod som eit trugsmål retta mot ein stortingsrepresentant. Kommentaren var framsett på Facebook utan mogleik for førehandsmoderering, og han vart raskt fjerna av redaksjonen. Menneskerettsjuristen Njål Høstmælingen vurderte at andre kommentarar til artikkelen var «godt innenfor ytringsfrihetens trygge rammer».

I januar 2020 publiserte Resett namnet på ei terrorsikta kvinne som var henta til Noreg. Forsvararen til kvinna bad om midlertidig forføying for å hindre publisering, men trekte dette etter nokre dagar.

Ein av Resett sine journalistar byta den 22. juli 2020 profilbilete på sin eigen Facebook-konto til eit bilete av ein tempelriddar med visir og brynje. Dette utløyste krasse reaksjonar, ettersom gjerningsmannen bak terroraksjonene 22. juli 2011 hadde hevda at han hadde utført aksjonane som leiar for tempelriddarane – ein væpna munkeorden som for øvrig opphøyrde å eksistere mange hundreår tidlegare. Journalisten blei avsett, og redaktør Helge Lurås sa det var viktig for Resett å ta fullstendig avstand frå Breivik sin terroraksjon og alle andre ekstremistar.

Hans Geelmuyden har latt Resett publisere innhald frå sin blogg, og har gitt uttrykk for at Resett har eit demokratisk fundament.

Forhold til Norsk Redaktørforening

I 2018 søkte Helge Lurås om medlemskap i Norsk Redaktørforening, men søknaden vart avslått. Avslaget blei grunngjeve med gjentatte brot på Ver Varsam-plakaten, tilbodet om formidling av eit stort pengebeløp til eit ønska intervjuobjekt og oppfordring av boikott av andre medium.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Resett HistorieResett KontroversarResett Forhold til Norsk RedaktørforeningResett KjelderResett BakgrunnsstoffResettHelge LuråsNettavisNyhendeRedaktørplakatenVær Varsom-plakaten

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Symbol i hinduismenZinédine ZidaneSofie MarhaugGjegnabuVerkstadPer SpelmannHarriet BackerBergenPeriklesBizkaiaHypertrofiKjeleelvtindenSpeidarrørslaIvar Lo-JohanssonDiezeØresundbruaDet indiske kastesystemetSofádesSpedbarnNorsk folkedansOksygenBokfinkVipeSkandinaviaTauMesonFolkestyreIsCarl Philip av SverigeRumpeldunkGeostasjonær baneHinduismenNato-alfabetetJonsokTidvatnMarit BjørgenKråkebolleHlíðarfjallDet ukrainske alfabetetAkslaHanumanRichie FaulknerVaktelKardítsaDanmarkJærenEuropaKvam heradHydrogencyanidTaekwondoPungrevLemmingDet engelske herrelandslaget i fotballSagaen om IsfolketGaukBuskerud fylkeDurgaByar i HellasMagnetisk feltstyrkeAdolf HitlerSeladonKlima i CanadaTrabzonJaroslav SakalaLysKarsten WarholmHandball-EM 2004 for mennOperativsystemSørøya i FinnmarkAsbjørnsen og MoeFuerteventuraAnd🡆 More