Forkorting

Ei forkorting eller ein abbreviasjon (frå latin) er ei kortform av eitt eller fleire ord.

    Dette er ein artikkel om forkorting av ord. Leitte du etter forkorting av matematiske uttrykk, sjå brøk.

Forkortinga er laga av nokre bokstavar frå det forkorta ordet, slik at det får ei kortare og meir hendig form.

Nærskylde ord
  • å abbreviera - å forkorta
  • abbreviator - forkortar, paveleg kanselliskrivar
  • abbreviatur - ordforkorting i dei eldste trykte bøkene
Ulike typar forkortingar
  • Standardforkortingar for vanlege men ikkje veldig viktige ord, for at ein skal sleppa å skriva og lesa heile ordet kvar gong. Slike forkortingar står i ordlister og er ålmenne. Døme er ca. (cirka), m.m. (med meir), mm (millimeter), t.d. (til dømes) og osb. (og så bortetter).
  • Forkortingar i ein tekst der eit ord er gjenteke mange gonger. Dette kan vera standardforkortingar eller dei kan vera ad hoc. Til dømes kan ein i ein tekst om boka Ringdrotten bruka forkortinga RD. Då skriv ein vanlegvis Ringdrotten (RD) eller liknande første gongen ordet er brukt i teksten.
  • Forkortingar for lange eigennamn, ofte laga som akronym. Til dømes NATO, USA og HMK.

Teiknsetjing

Språkrådet har tilrådd at det vanlegvis skal brukast punktum etter forkortingar. Men det finst likevel unntak, som til dømes fysiske storleikar, grunnstoff og bøkene i Bibelen.

Kjelder

Tags:

Forkorting Nærskylde ordForkorting Ulike typar forkortingarForkorting TeiknsetjingForkorting KjelderForkortingLatinOrd

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

InsulinTommeDigital object identifierStortinget T-banestasjonLVerkstadAbdusamet YigitNihilismeIndonesiaHellerman RocksMarcus & MartinusIolkósØrland kommuneKirkeristenDas KapitalLønnKelvinFranz LisztMiljøproblemParisKommuneKolEnglandKirkenærJesusPierre-Simon LaplaceKjerringa med stavenMarie AntoinetteHanumanVerdas landTilsynelatande storleiksklasseMahatma GandhiNasjonaldagAugust den sterkeHenrik II av EnglandSoparFascismeMartha SkrettebergROBEKKelly ClarksonAluminiumAkslaJournalistikkSosialistJemenBodø kommuneLeksikonIngrid Alexandra av NoregVM i friidrett 1983JorvikMidsommarEritreaVólosKrigKristopher SchauHellas i antikkenJamstellingsvedtaketByar i OmanKråkebolleSunnhordlandsdialektVoss heradStord kommuneMaiKenth EldebrinkKristian IV av Danmark-NoregTrepunktsopphengBokfinkMetéoraProfessor emeritusHarry PotterMiddelhavetVierslektaNaturOr🡆 More