Wulfsbergs Gate 13 I Moss

Wulfsbergs gate 13 er ein bustadeigedom som ligg i Wulfsbergs gate ved Moss sentrum.

Wulfsbergs gate 13
Wulfsbergs Gate 13 I Moss

Wulfsbergs gate 13 i Moss
59°26′09″N 10°40′07″E / 59.435842916667°N 10.668737783333°E / 59.435842916667; 10.668737783333

Bygninga er eit kulturminne (ID 231546-0), og vart verna etter Plan- og bygningsloven i 2018. Huset er bevaringsverdig fordi det høyrer til ein del av det historiske miljøet ved Christian Augusts plass/Basartaket. Wulfsbergs gate heitte tidligare Søndre Bjerg, men i 1907 vart gata kalla opp etter Gregers Winther Wulfsberg som representerte Moss i den grunnlovgivande forsamlinga på Eidsvoll våren 1814. Bygninga brann ned i bybrannen i 1881, og vart bygd opp igjen i 1883.

Huset i kulturhistorisk kontekst

Wulfsbergs Gate 13 I Moss 
Bilde av sidefløy.

Brann i 1881

Huset brann ned i ein bybrann ved Søndre Bjerg i Moss, som herja byen den 6. juli 1881. Huset vart oppført på nytt 2 år seinare i 1883. Wulfsbergs gate fekk Assurancesum på 610.000 kroner etter brannen. I 1893 fekk Wulfsbergs gate innlagt vassforsyning, dvs. tilgang til vatn.

Byggemetode

På grunn av bybrannen vart det innført murtvang, altså at nye hus skulle byggjast i murstein. Huset blei derfor bygd av teglstein, eit keramisk materiale som blir framstilt ved brenning av leire. Kva byggemateriale ein hadde brukt til huset før brannen er ukjend. Huset har same byggestil som Basarbygningen ved Kongens gate, etter mønster av basaren ved Youngstorget i Christiania frå 1878. I 1920 blei det òg tilbygd ei sidefløy, og huset fekk rektangulær form. I 2020 bestod huset av 2 etasjar og 3 leileigheiter.

Husnummer

Huset har bytt husnummer fleire gonger gjennom 1800-1900-talet. Rundt år 1800 hadde bygningen matrikkelnummer 108, men ikkje noko er registrert. I 1841, 40 år før brannen, heitte huset Søndre Bjerg 164 (matrikkel nr. 164), og bytte til Wulfsbergs gade 1 (matrikkel nr. 1) i 1889. Huset fekk ikkje gatenamn Wulfsbergs gate 13 (matrikkel nr. 13) før omkring året 1959. Wulfsbergs gate 13 har gards/bruk nummer 2/2388.

Tvangsauksjon

Måndag den 26. juni 1967 vart det halde ein tvangsauksjon over eigedommen Wulfsbergs gate 13 på sorenskrivarkontoret i Moss. Tvangsauksjon vart spurd av Statens Landbruksbank i Oslo. Til slutt vart huset selt for 12.000 kroner, fordi eigaren gjekk konkurs.

Gregers Winther Wulfsberg

Gregers Winther Wulfsberg (f. 26 oktober 1780) var embetsmann og politikar. Frå 1811 var han byfut i Moss, og seinare amtmann i 1931. Wulfsberg både representerte Moss i den grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll våren 1814, og var i tillegg ein stortingsrepresentant i fleire år. Han eigde store delar av byen, med Søndre Bjerg (Wulfsbergs gate) inkludert, og var ein av dei rikaste personane i Moss. Wulfsbergs gate vart oppkalla etter han i 1907. Gregers Winther Wulfsberg er gravlagt på Moss kyrkjegard.

Bebuarar i kulturhistorisk kontekst

1800-talet

Anders Pedersen (f. 1815) var ein murersvend frå Borge Sogn. Han hadde ei inntekt på 1.200 kroner. Anders eigde Søndre Bjerg 164 frå omkring 1865 fram til han døydde før brannen i 1881, sannsynlegvis på grunn av alder. Han var gift med Marthe Marie Gundersdatter, og dei hadde 5-6 barn. Marthe Marie Pedersen (f. 1820) vart enke etter Anders død og fekk eigarskap over huset. Huset vart etter kvart kjøpt av Ludvig Jansen.

1900-talet

Ludvig Jansen (f. 18. juli 1879) var ein auksjonarius frå Kristiania. Ludvig eigde Wulfsbergs gade 1 før han selde huset til Sverre Andersen i 1936. Han var gift med Kristine Jansen (f. 13. september 1878) og dei hadde fleire barn. Ludvig Jansen døydde 3. oktober 1933 etter eit par månaders sjukdom.

Sverre Andersen (f. 8. september 1895) budde ved Wulfsbergs gade 1 / gate 13 og jobba hos Peterson og Søn i over 50 år. Kona hans heitte Dagny Andersen (f. 17. oktober 1897) og dei hadde 3 barn. Sverre Andersen gjekk konkurs, og huset måtte bli tvangsauksjonert i 1967.

Inghild Hansgården budde òg på Wulfsbergs gate 13 i 1973. Inghild var ein ordinær person så om henne veit vi lite om, bortsett frå at ho hadde ein familiemedlem i Moss, Dag Finn Hansgården (f. 9. februar 1956), som døydde 22. november 1987.

Referansar

Tags:

Wulfsbergs Gate 13 I Moss Huset i kulturhistorisk kontekstWulfsbergs Gate 13 I Moss Bebuarar i kulturhistorisk kontekstWulfsbergs Gate 13 I Moss ReferansarWulfsbergs Gate 13 I MossMoss

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VGGuvernørKatrine SeleLandskap i SverigeJean-Pierre ThiolletNasjonaldrikk2435LascauxDen europeiske unionenOhioKTurbanOrrfuglMantelWienerklassisismenMonolittenSnipefamilien59PåskehareJomfru MariaResesjonMahanadiVandrefalk96Maestro84SverigeVêrfenomenAvdijivkaGurkemeieIsraelLaosKalenderHilde Gjermundshaug PedersenCristiano RonaldoRadikalismeBronkittQufuTjeldLumina i ConstanțaBergen kommuneSvake substantivJurij KoroljovMykoplasmaDen kinesiske kalenderenAustraliaGambiaEØSLampedusaGardasjøen137Astrid LindgrenTakahiro OgiharaSawfishOsloMånenJapanskGeitPolarlysSuezkanalenElizabeth II av StorbritanniaOlt fylke1998TømmerklaveEtnisk nasjonalismeDen julianske kalenderenKnut den mektigeBuddhistiske høgtiderOttomanSolan Gundersen71ØresundbruaRepublikk🡆 More