Riksforsamlinga På Eidsvoll

Riksforsamlinga på Eidsvoll frå 10.

april til 20. mai 1814 blei kalla saman for å utarbeide den norske Grunnlova. Den lovgjevande forsamlinga vart innkalla av prins Christian Frederik, som inntil da hadde vore Fredrik VI sin statthaldar i Noreg.

Riksforsamlinga På Eidsvoll
Måleriet Eidsvold 1814 blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter forsamlinga på Eidsvoll og var ei gåve til Stortinget i 1885. Christian Magnus Falsen står oppreist framfor forsamlinga og les opp grunnlova, Wilhelm Frimann Koren Christie sit ved sida av. I alt omfattar måleriet rundt 70 portrett. Måleriet heng i Stortingssalen.

Gjennom sitt opne brev av 19. februar til heile folket og embetsmennene i landet kunngjorde han at han hadde overteke riksstyret som regent for å hevde og forsvare at landet var uavhengig og sjølvstendig.

    «Af Nationen valgte, oplyste Mænd skal samles den 10de April førstkommende udi Eidsvold i Akershus Amt, for at antage en Regjeringsform, som fuldkommen og for bestandig kan betrygge Folkets Frihed og Statens Tarv».

I rundskriv av same dato til biskopane, amtmennene, hæren og flåten kunngjorde han reglane for valet av representantar. Dei skulle finne stad i hovudkyrkjene i landet etter gudstenesta og og eiden skulle avleggjast på bededagar allereie den 25. februar eller så snart det var praktisk mogleg.

Riksforsamlinga bestod av 112 representantar frå heile Sør-Noreg og så langt nord som til Nord-Trøndelag. På grunn av lange avstandar og tidsnaud blei ikkje Nord-Noreg representert. Representantane ved forsamlinga blir populært kalla «Eidsvollsmennene» eller «fedrane på Eidsvoll».

Forsamlinga hadde møta i Eidsvollsbygningen som var heimen til Christian Frederik sin ven Carsten Anker. Grunnlovsverket eller 17. mai-grunnlova vart fullført og datert 17. mai, og underteikna og forsegla av presidentskapet. Same dag blei Christian Frederik einstemmig valt til konge.

Dagen etter, den 18. mai 1814, vart grunnlova underteikna og forsegla av dei øvrige representantane siden dette var ein tidkrevande prosess som ein ikkje rakk å fullføre på ein dag. 17. mai vart likevel grunnlovsdagen og Noregs nasjonaldag.

Kjelder

Tags:

1814Christian FrederikDen norske GrunnlovaFredrik VI av Danmark-NoregStatthaldar

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HubroTadsjikistanÆrfuglTriesteHeidi Petersen1066Georg III av StorbritanniaLahti-renna 1975VakteleggNetflixRombeHaakon Magnus av Noreg1454TorpoEplemostTriasMickey RaphaelSionismeLill LindforsSvalbardLeonard RickhardYatzyCecilia Payne-GaposchkinRoger FedererPåskekyllingLeedsUS AirwaysSunnmøreWikibooksPanterSkjæltorsdag1613KnuskkjukeHervør PálsdóttirOslo kommuneFotEselTidslinje over norsk historieHjortetakksaltJesusKlipperNynorsk WikipediaAli Baba og dei førti røvaraneElias Elffors ElfströmAtle HansenEddiksyreBjørnøyaNonBodø kommuneISO 86011701Aleksej NavalnyjPlantarSchrödingers katt2019CelsiusFylkeManchester CityLahti-renna 1974LønnSan Jose i CaliforniaGripJohannespasjonen av BachUsbekistanNederlandTexasRegionar i FrankrikeTysdagSjivaLinda MedalenEric CarmenKeltiske språkNoregsmeisterskapen i sjakkErling SkakkePannemerke i hinduismenMuflon🡆 More