Wagnergruppa (russisk Группа Вагнера, Gruppa Vagnera eller ЧВK Вагнер, TsjVK Wagner: Частная военная компания Вагнера, Tsjastnaja voennaja kompanija Vagnera, «det private militærkompani Wagner») er ein paramilitær organisasjon i Russland.
Wagnergruppa er ein privat, militær kontraktør som har teke del i ulike konfliktar.
Wagnergruppa | |||
| |||
Skipa | 1. mai 2014 | ||
---|---|---|---|
Hovudkontor | St. Petersburg | ||
Land | Russland | ||
Nettstad | https://wagnercentr.ru/ (russisk) |
Wagnergruppa har mellom anna teke del i den syriske borgarkrigen med støtte til den syriske regjeringa, konfliktar i afrikanske land og krigen i Donbass for å hjelpa separatistiske krefter i utbrytarrepublikkane Donetsk og Lugansk, som seinare utvikla seg til fullskala invasjonen av Ukraina som Wagnergruppa òg tok del i. Gruppa er anklaga for krigsbrotsverk i Syria, Libya, Mali og Ukraina.
Private militære organisasjonar er forbodne både i Russland, jamfør den russiske konstitusjonen og den russiske straffelova. Likevel har dei russiske styresmaktene late Wagnergruppa vera eit unntak. Wagnergruppa er eigd og leia av Jevgenij Prigozjin, ein forretningsmann med nært samband til den russiske presidenten Vladimir Putin.
I 2021 vedtok Noreg i samband med EU sanksjonar mot Wagnergruppa etter dei vart brukte til krigføring i Mali.
Ved invasjonen av Ukraina 2022 vart Wagnergruppa omtala som «Putins private hær». Mange soldatar i Wagnergruppa har tidlegare teke del i konfliktar i afrikanske land før dei tok del i krigen i Ukraina.
Wagnergruppa deltok i massakren i Butsja.
Ifylgje den russiske, Kreml-lojale avisa Komsomolskaya Pravda tok Wagnergruppa del i erobringa av eit ukrainsk kraftverk i Uglegorsk.
Wagnergruppa var sentral i kampen om Bakhmut.
I 2022 rekrutterte Wagnergruppa medlemer frå russiske fengsel. Fangar vart lova nåding viss dei vart med i den russiske invasjonen av Ukraina og overlevde i seks månader. I Russland har berre president Vladimir Putin mynde til å benåda fangar. I desember 2022 anslo John Kirby i det amerikanske Tryggingsrådet at Wagnergruppa hadde rekrutert 10 000 kontraktssoldatar og 40 000 fangar til krigen i Ukraina. Mange av fangane vart sende til fronten med minimal militær trening og med dåleg utrusting.
Wagnergruppa har arbeidd tett med dei russiske styresmaktene og har fått mykje forsvarsmateriell frå Russland til å utføra «spesialoperasjonen i Ukraina». Den 23. juni 2023 byrja gruppa eit opprør mot dei ordinære russiske styrkane og den russiske forsvarsleiinga under den pågåande invasjonskrigen mot Ukraina der gruppa har kjempa på russisk side. Den 24. juni 2023 sette 25 000 Wagnersoldatar kursen frå krigen i Ukraina mot Moskva for å få avsett forsvarsminister Sergej Sjojgu og sjef for generalstaben Valerij Gerasimov. På vegen okkuperte dei militære basar i Rostov-na-Donu og Voronezj som medførte i at den russiske presidenten Putin erklærte nødtilstand i Moskva og andre område. Opprøret vart leitt av Jevgenij Prigozjin som skulda det russiske forsvarsdepartementet for dåleg forsvarsleiing og for å ha åtaka styrkane hans, i tillegg skulle Wagnergruppa avskaffast og verta innlema i det russiske forsvaret, noko som ikkje var likt av Prigozjin. Opprøret vart likevel stansa kvelden til 24. juni, berre 20 mil sør for Moskva.
Wagnergruppa har vore involvert i fleire konfliktar i afrikanske land:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Wagnergruppa, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.