Vintersolkverv eller vintersolsnu er den kortaste dagen i året, og er alltid del av vinteren.
Kvervet skjer når den nordlege eller sørlege halvkula har størst helling vekk frå sola. I nord er dette gjerne den 21./22. desember og i sør den 21./22. juni. På den motsette halvkula vil same dagen vera sommarsolkverv.
Hendinga er blitt markert som byrjinga på vinteren nokre plassar, som i Kina, der festivalen dong zhi fell på denne dagen. I det nordlege Europa har dagen derimot vore sett på som midtvintersdagen, som ein lenge har feira med jul.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vintersolkverv, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.