Sommarsolkverv

Sommarsolkverv eller sommarsolsnu er tidspunktet når jorda er i det punktet av banen der den halvkula ein er på (nordleg eller sørleg) heller mest mot sola.

    Denne artikkelen handlar om sommarsolkverv. For solvkverv på vinteren, sjå vintersolkverv.

Dette skjer alltid om sommaren.

Sommarsolkverv
Sommarsolkverv på den nordlege halvkula.

Når sola står i sør midt på dagen har ho si høgste høgde over horisonten i året, og klokka tolv vil ho stå rett over hovudet i områda ved 23 breiddegrad. Det er òg den dagen som har lengst daglengde. I daglegtale seier ein ofte at «sola snur» på dette tidspunktet, fordi dagane frå no av vil bli kortare.

Tid for sommarsolkverv

Tabell med norsk (sommar)tid for sommarsolkverv
2003 21. juni 21:10
2004 21. juni 02:57
2005 21. juni 08:46
2006 21. juni 14:26
2007 21. juni 20:06
2008 21. juni 01:59
2009 21. juni 07:45
2010 21. juni 13:28
2011 21. juni 19:16
2012 21. juni 01:09
2013 21. juni 07:04
2014 21. juni 12:51

På den nordlege halvkula skjer sommersolkverv anten 21. juni eller 22. juni. På den sørlege halvkula skjer kvervet 21. desember eller 22. desember. Vintersolkverv kjem på motsett halvkule dei same datoane.

Sommarsolkverv 
Soloppgang i Stonehenge morgonen etter sommarsolkverv. (Foto: Andrew Dunn, 2005)

Feiring

Som vintersolkverv blir solkverve om sommaren gjerne markert med ei feiring. I Noreg er denne kjend som jonsok eller sankthans. Desse feiringane blir ofte haldne rundt den 24. juni, sjølv om kvervet no finn stad på den 21. Dette heng saman med at året den julianske kalenderen er 365,2500 dagar langt, medan det tropiske året er 365,2422 dagar. Dette fører til at datoen for sommarsolkvervet endrar seg med om lag tre dagar i løpet av fire hundre år. Med den moderne gregorianske kalenderen, som er meir nøyaktig, flyttar solkvervet seg også, men på lang sikt endrar datoen seg berre eitt hakk i løpet av tre tusen år.

Sjå òg

Kjelder


Tags:

Sommarsolkverv Tid for sommarsolkvervSommarsolkverv FeiringSommarsolkverv Sjå ògSommarsolkverv KjelderSommarsolkvervJordaSola

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Møre20. aprilDet første krosstogetVätternKrøllalfaA Collection of Great Dance SongsDet indiske kastesystemetHenning SolbergWilliam OrpenEnglandJordbruksrevolusjonenSosialismeErik HöglundSolgangsbrisAftonbladet1200EnaresjøenHar SedomMahatma GandhiHarriet BackerBritisk pundHurtigrutaOlav V av NoregHotel CaliforniaHákarlElba2019Samisk historiePalermo27-årsklubbenSkjør astmaAmarantfamilienEkteskapAndreas BlochHTMLAlbert EinsteinMolde kommuneGitarforsterkarVladimir PutinDen sørlege vasslangenDesta Marie BeederChampions LeagueTalordSilkehegreNyttårMorfinFA-cupfinalen i fotball 2001TeknologiStein EriksenScrabbleJerry Leiber og Mike StollerInkarikets fallStrilAlmTwitterEiffeltårnetNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973918BrasilSki-VM 2019Dei sameinte arabiske emirataNorske bilandCanon EOS 250DIvar AasenAsbjørnsen og MoeMusikkgruppa GåteAlderspensjonJa, vi elsker dette landetBrenselcelleParasittologiVindenergiOrellanaprovinsenBruno CoutinhoMoldauMotreformasjonBybanen i Bergen🡆 More