Vest-Pommern: Voivodskap i Polen

Vest-Pommern (polsk Województwo zachodniopomorskie eller berre Zachodniopomorskie) er ein av 16 voivodskap i Polen.

Vest-Pommern
Województwo zachodniopomorskie
Flagget til Vest-Pommern Våpenet til Vest-Pommern
Flagget til Vest-Pommern Våpenet til Vest-Pommern
Plasseringa til Vest-Pommern i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Szczecin
Fylke: 3 byar og 18 landfylke
Gmina: 114
Folketal: 1 719 626 (2013)
Areal: 22 892 km²
Folketettleik: 75 /km²
Heimeside: bip.szczecin.uw.gov.pl

Det ligg nordvest i Polen og grensar til Pommerske voivodskap i aust, Storpolske voivodskap i søraust, Lubusz-voivodskapet i sør, Tyskland (Mecklenburg-Vorpommern) i vest og Austersjøen i nord.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Szczecin og Koszalin, samt delar av tilstøytande voivodskap. Det er kalla opp etter den historiske regionen Pommern (polsk Pomorze). Trass i namnet inneheld ikkje Vest-Pommern dei vestlegaste områda av den historiske regionen, som ligg i Tyskland (sjå Vorpommern).

Geografi

Vest-Pommern: Geografi, Byar og landsbyar, Administrativ inndeling 
Stettiner Haff: Strand i Trzebież nær Police i Polen

Vest-Pommern er det femte største voivodskapet i Polen ut frå flatevidd. Av dei største byane i regionen er hovudstaden Szczecin og Koszalin, Stargard Szczeciński og Świnoujście.

Kysten langs Austersjøen er eit populært turistområde med mange strender, innsjøar og skogområde. Szczecin og Świnoujście er viktige hamnebyar. Andre store byar ved sjøen er Międzyzdroje, Dziwnów, Kołobrzeg og Mielno.

Byar og landsbyar

Voivodskapet har 62 byar og landsbyar. Folketala i lista under er offisielle tal frå 2006 [1]:

1. Szczecin (410 809)
2. Koszalin (107 783)
3. Stargard Szczeciński (70 534)
4. Kołobrzeg (44 794)
5. Świnoujście (40 899)
6. Szczecinek (38 756)
7. Police (34 284)
8. Wałcz (26 140)
9. Białogard (24 339)
10. Goleniów (22 448)
11. Gryfino (21 478)
12. Nowogard (16 745)
13. Gryfice (16 702)
14. Choszczno (15 753)
15. Świdwin (15 637)
16. Darłowo (14 380)
17. Barlinek (14 156)
18. Dębno (13 903)
19. Złocieniec (13 377)
20. Sławno (13 314)
21. Pyrzyce (12 642)

22. Myślibórz (11 867)
23. Drawsko Pomorskie (11 465)
24. Łobez (10 617)
25. Trzebiatów (10 113)
26. Kamień Pomorski (9 134)
27. Połczyn-Zdrój (8 572)
28. Chojna (7 187)
29. Czaplinek (6 933)
30. Sianów (6 543)
31. Karlino (5 794)
32. Międzyzdroje (5 436)
33. Wolin (4 878)
34. Bobolice (4 446)
35. Resko (4 377)
36. Borne Sulinowo (4 224)
37. Płoty (4 142)
38. Lipiany (4 124)
39. Kalisz Pomorski (3 989)
40. Barwice (3 838)
41. Mieszkowice (3 553)
42. Chociwel (3 285)

43. Maszewo (3 073)
44. Węgorzyno (3 011)
45. Recz (2 995)
46. Polanów (2 967)
47. Dziwnów (2 949)
48. Golczewo (2 724)
49. Pełczyce (2 698)
50. Mirosławiec (2 633)
51. Trzcińsko-Zdrój (2 496)
52. Dobrzany (2 420)
53. Drawno (2 399)
54. Człopa (2 390)
55. Biały Bór (2 127)
56. Dobra (2 028)
57. Ińsko (2 001)
58. Tuczno (1 965)
59. Cedynia (1 653)
60. Moryń (1 570)
61. Suchań (1 446)
62. Nowe Warpno (1 170)

Administrativ inndeling

Vest-Pommern er delt inn i 21 fylke (powiat) der tre av desse er byfylke og 18 er landfylke. Desse er igjen delt inn i 114 kommunar (gmina).

Kjelder

Tags:

Vest-Pommern GeografiVest-Pommern Byar og landsbyarVest-Pommern Administrativ inndelingVest-Pommern KjelderVest-PommernAustersjøenLubusz-voivodskapetMecklenburg-VorpommernPolenPolsk språkPolske voivodskapPommerske voivodskapStorpolske voivodskapTyskland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Snorre SturlasonGlimmerOle BrummPanterStorfuglDachau konsentrasjonsleirSpaniaCC AmfiTakahiro OgiharaRotneims-KnutTekst79MetanolRuts bokBygdedyretVandrefalkPoarta AlbăJordbruksrevolusjonenWikipedia90EineOblast i UkrainaMauser-rifle M98Ronny Brede AaseSuezkanalenJean-Pierre ThiolletVolda kommuneGrenland52Der ingen skulle tru at nokon kunne buRReinManchester CityFilmserien Harry PotterIranVinstraTyngdeakselerasjonLausdans6Elton JohnAlf-Inge HålandOttomanKalaBerlinblokadenElin ØrjasæterPintAsker kommuneScrabbleVulkanar i ItaliaVulkanPåskeXJordan50JordskokkKristian VII av Danmark-Noreg88AdamsepleFahrenheitJemen2006Gambia53CubakrisaChatGPTTysklandAgenda 2030AvdijivkaDiktSpektrogramDigital object identifierEddiksyreParisKashmirÆrfuglPresident🡆 More