Vassmagasin eller vassreservoar vert oftast nytta om ein kunstig innsjø som vert nytta til å lagre vatn for ymse bruk.
Reservoar vert danna ved å byggje ei robust demning, vanlegvis av betong, jord, stein, eller ei blanding. Når demninga er ferdig fyller ei elv opp reservoaret.
Eit reservoar kan nyttast av vasskraftverk for å generere straum ved hjelp av store vassturbinar som virkar ved at vatnet strøymer gjennom røyr frå vassmagasinet til turbinen. Slike reservoar vert vanlegvis ikkje nytta for drikkevatn eller kunstig vatning.
Reservoar kan nyttast på mange måtar for å kontrollere korleis vatnet strøymer vidare nedover vassvegane. Reservoar som vert nytta til kunstig vatning vert sleppe ut i eit nettverk av kanalar til jordbruksområde eller sekundære vassystem. Dette vatnet vert heller ikkje vanlegvis nytta til drikkevatn. Nokre reservoar vert kalla balansereservoar som vert nytta for å hindre flaum nedanfor reservoaret. Reservoaret samlar opp vatn i periodar då det regnar mykje og slepp vatnet ut att i løpet av lengre tidsrom enn om vatnet hadde fått strøyme fritt.
Eit reservoar kan òg byggjast i området der ein ikkje har naturlege vasskjelder som kan gjerast om til ein kanal. Reservoaret fungerer då som ein vassveg.
Voltasjøen vest i Afrika dekkjer eit areal på 8 500 km² og er den største i verda. Lokka i kommunen Sodankylä nord i Finland er den største kunstige innsjøen i Nord-Europa med eit areal på 417 km². IJsselmeer er den største kunstige innsjøen i Vest-Europa med eit areal på 1 250 km².
Dei ti største reservoara i verda ut frå overflateareal:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Vassreservoar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.