Taiwan

Taiwan er ei øy som ligg aust for det kinesiske fastlandet i Stillehavet.

    Denne artikkelen handlar om kulturen og geografien til øya Taiwan. For staten som til vanleg er kjend som Taiwan, sjå Republikken Kina.

Ho er òg kjend som Formosa, eller Ilha Formosa, eit namn gjeve henne av portugisiske oppdagarar som tyder «vakker øy».

Taiwan
øy
Taiwan
Land Taiwan Republikken Kina
Areal 35 883 km²
Folketal 23 500 000

Taiwan
23°46′00″N 121°00′00″E / 23.766666666667°N 121°E / 23.766666666667; 121
Taiwan
Wiki Commons: Taiwan Island

Taiwan vert styrt av den demokratisk valde forsamlinga til Republikken Kina. Dette var den same politiske eininga som styrte fastlandskina frå 1912 til 1949.

Geografi

Taiwansundet skil øya frå fastlandet og har ei breidd på rundt 200 km. Elles har Taiwan kyst mot Austkinahavet i nord, Filippinhavet i aust og Sørkinahavet i sørvest. Dei austlege to tredjedelane er stort sett ulendt fjellandskap, med fem parallelle fjellkjeder som går får nord heilt til sørspissen av øya. I vest er landet flatare, og her bur størsteparten av folka.

Klima

Øya har tropisk til subtropisk monsunklima. Middeltemperaturen for januar varierer frå kring 15 °C i nord og 20 °C i sør til 28-29 °C i juli. I Taipei er den daglege maksimums- og minimumstemperaturen høvesvis 33 og 24 °C i juli, og høvesvis 18 og 12 °C i februar. Om sommaren bles monsun frå sør og er den våtaste tida av året. Om vinteren bles frålandsmonsunen frå nord og nordaust, med mindre regn, særleg på vestkysten. Årsmiddelnedbøren er 2500 mm, men varierer frå 1300 mm langs vestkysten til over 6000 mm i fjellskråningane i aust. I Taipei er den gjennomsnittlege årsnedbøren 2130 mm, med august som våtaste månad (305 mm) og november som den tørraste (66 mm). I tida kring monsunskiftet (juli-september) er tropiske syklonar (taifunar) hyppige, og skapar ofte store materielle skadar.

Kultur

Kulturen på øya er ei blanding av kinesiske, japanske og vestlege tradisjonar, medan dei taiwanske urfolka har sin eigen tradisjon. Dei fleste som bur på øya snakkar mandarinspråk, etter at det har vore fremja av regjeringa og brukt som skolespråk i over førti år. Rundt 70 prosent av det taiwanske folket snakkar òg taiwansk, som er ein variant av minnan. Hakkafolket utgjer ein tidel av innbyggjarane på øya og har òg sitt eige språk.

Kjelder

Tags:

Taiwan GeografiTaiwan KlimaTaiwan KulturTaiwan KjelderTaiwanKinaPortugalStillehavetØy

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VM i friidrett 20222002Inkarikets fallHarriet BackerArian EngebøKarl XII av SverigeDomenetapJuhani Järvinen2016Kjell HovdaInformasjonsattfinningTongaJohann Sebastian BachMotreformasjonCharcot CoveSennesvikEkstremvêret FrodeNautisk mil1200MoldedialektAndreas WidhölzlSiderMiddelhavetJonas Gahr StøreAusterrikeJordskorpeplateKrigNamnedagar i NoregVM i friidrett 2019HadjJa, vi elsker dette landetSjantiMeirReligiøse nasjonalsymbolSportsklubben BrannAkslaISSNStril1900-taletKolonialhandelKvartalLiechtensteinKapitalismeIsaac NewtonFreddie MercuryHumlerKokosmakronManuel Isidoro BelzuVM i alpine greiner 2019AtomvåpenKjerringIltalehtiBill ChamplinNasjonaldraktCoca-ColaTriasHenry LawsonTromsø kommuneNasjonaldagJonsokVerdas landJaroslav Sakala27-årsklubbenHovudsideJean-Claude JunckerFrøylandsvatnetVegard UlvangFinlandSør-AfrikaMariann Vestbøstad MarthinsenØystein SundeKurdararAlm157Henrik II av England🡆 More