Urinblæra (vesica urinaria) er eit blæreforma organ som er del av urinvegane.
Ho har veggar som utvendig hovudsakleg består av muskelvev med bukhinne og innvendig av slimhinne. Organet samlar opp og lagrar urin, eit avfallstoff som kroppen skil ut frå nyrene. Urinblæra blir danna på fosterstadiet frå allantois, ei av fosterhinnene. Berre landlevande virveldyr har urinblære.
Urinblære | |||
| |||
Medisinsk namn | vesica urinaria | ||
---|---|---|---|
Klassifikasjonar og ressursar | |||
MeSH | D001743 |
Tømming av urinblæra er styrt av urinblæremuskelen, som sender eit signalstoff (hormon) via sentralnervesystemet til hjernen. Når signalet vender tilbake derfrå vil blæremuskelen trekka seg saman slik at urinen blir pressa ut, samtidig som urinlukkemuskelen opnar seg og slepp urinen ut i urinrøyret.
Overaktiv blære fører til oftare vasslating og kan vera eit symptom på sjukdom eller koma av medikament med vassdrivende effekt. Dersom det ikkje finst ei openberr årsak bør ein søke medisinsk råd.
Ei gjennomsnittleg menneskeblære kan halda på ca. 300–500 ml væske. Når innhaldet blir større enn dette, får ein kraftig trang til å tømma blæra.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Urinblære, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.