Tunnelbane, forkorta T-bane, òg kalla undergrunn og metro, er ein jarnbane for persontransport i by, og som for det meste går i tunnel under byen og med stasjonane under jorda.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
I Noreg er det berre Oslo som har T-bane.
T-banane er vanlegvis kjenneteikna av dei er dobbeltspora og at toga får straumen gjennom ei straumskjene festa til svillene, ikkje ved leidning i lufta. Då det er fleire straumavtakarar på båe sider på kvart tog, kan straumskjenene ha avbrot der det er naudsynt, til dømes i pensar (sporveksel) og andre stader, og det kan vekslast mellom straumskjene på venstre og høgre side. Alle T-banelinene i Oslo har no straumskjene i staden for luftleidning. Tidlegare var luftleidning nytta på dei gamle linene mot vest.
Det er vanskeleg å trekke absolutte skilje mellom sporvogn, bybane, T-bane, forstadsbane og vanleg jarnbane. Til liks med mange T-banar, kan til dømes T-banen i Oslo sjåast som ei blanding av T-bane og vanleg lokaljarnbane: Banen går i tunnel på lange strekningar, men utanfor bykjernen likevel mest over jorda på eigen trasé, og sporvidda er den same som på jarnbanen. Men det er likevel ikkje mogleg å køyre vanlege persontog på T-banenettet i Oslo.
T-banelinene i Oslo er utan kryssingar med annan trafikk. Eit unnatak er den gamle, men moderniserte lina til Holmenkollen og vidare til Frognerseteren, som har nokre kryssingar i plan med bilvegar og gangvegar.
T-banar kan ha tog som vert styrte automatisk, utan førarar i toga. Eit døme på dette, er metroen i København.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tunnelbane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.