Tommie C.
Smith (fødd 5. juni 1944) er ein tidlegare friidrettsutøvar frå Clarksville i Texas som vart olympisk meister på 200 meter i 1968.
Tommie Smith | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 6. juni 1944 (79 år) Clarksville |
Idrett | amerikansk fotball, friidrett |
Tok del i | |
Utmerkingar | Arthur Ashe Courage Award |
Smith sette verdsrekord på 200 m med 20,0 sekundar i Sacramento den 11. juni 1966. Seks dagar seinare vart han nordamerikansk studentmeister (NCAA) på 220 yards, ein tittel han forsvarte året etter. Den 20. mai 1967 forbetra han verdsrekorden på 440 yards til 44,8 sekundar under eit stemne i San Jose, noko som vart stipulert til 44,5 på 400 m, også det tilsvarande verdsrekord. Same sesongen vart han USA-meister (AAU) på same distansen, og han vann 200 m under universiaden i Tokyo.
Under dei olympiske sommarleikane 1968 i Mexico-byen vann Smith finalen 200-meteren med verdsrekordtida 19,83 sekundar. På sigerspallen, under avspelinga av nasjonalsongen, stod både han og landsmannen, bronsevinnar John Carlos, i svarte lestar og utan sko, og gjorde Black Power-helsinga. Begge utøvarane vart kasta ut av den USA-amerikanske OL-troppa og utvist frå leikane. Denne motstands-markeringa vert rekna som ein viktig milepåle i den USA-amerikanske borgarrettsrørsla.
I 1969 spelte Smith nokre månader på amro-fotballaget Cincinnati Bengals.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tommie Smith, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.