Svartrotte, Rattus rattus, er eit pattedyr i musefamilien.
Svartrotte | |
Svartrotte | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Regionalt utdøydd Utbreiinga av svartrotte | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Overfamilie: | Muroidea |
Familie: | Musefamilien Muridae |
Underfamilie: | Murinae |
Slekt: | Rotte Rattus |
Art: | Svartrotte R. Rattus |
Vitskapleg namn | |
Rattus Rattus |
Ho er ein mindre slektning av brunrotta. Svartrotta kom opphavleg frå dagens India og Pakistan og var til stades i Europa allereie i antikken. Svartrotta blir ofte nemnt som arten som spreidde pesten under Svartedauden i Europa og Asia på 1300-talet. Enkelte historikarar har trekt dette i tvil i nyare tid, då det arkeologiske materialet frå mellomalderen i Noreg ikkje viser spor etter svartrotter utanom i kystbyane. Ho kan soleis ikkje ha spreidd pesten i landdistrikta. Svartrotta kan likevel ha vore med på å innføra pesten til landet. Ho har seinare fått eit redusert utbreiingsområde, og forsvann truleg frå Noreg for om lag 100 år sidan. Svartrotta kan ha komme til Noreg sporadisk med skip etter den tid, men har ikkje etablert seg på nytt. Ho er framleis talrik i middelhavsområdet, store delar av Afrika og Asia.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Svartrotte, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.