Gråklatresmett: Art av sporvefuglar

Gråklatresmett (Xenicus longipes), maori mātuhituhi, var ein svært liten fugl, ein klatresmett nesten utan flygeevner, og endemisk for New Zealand.

Gråklatresmett
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i Public domain
Illustrasjon av John Gerrard Keulemans, i Public domain
Status
Status i verda: EX Utdøydd
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Klatresmettar Acanthisittidae
Slekt: Xenicus
Art: Gråklatresmett X. longipes
Vitskapleg namn
Xenicus longipes
Gmelin, 1789

Gråklatresmettane beita for det meste på virvellause dyr som dei fanga ved å springe langs greiner på trea. Dei bygde reira på eller nær bakken. Arten var utbreidd over begge hovudøyane i landet fram til slutten av 1800-talet då dyr i mårfamilien vart innførte og slutta seg til rotter som introduserte predatorar av pattedyr.

Skildring

Gråklatresmetten var mindre enn fjellklatresmett, men større enn skogklatresmett, ca. 9 centimeter i kroppslengd og vekta var 16 gram. Oversida var mørk gulgrøn, halen mørk grøn, men eit lyst, nær kvitt område i hakepartiet, undersida var gråleg unntatt flankane som var i gult. Dei hadde ei markert kvit augebrunstripe. Beina og tærne var lange. Arten synte kjønnsdimorfisme ved at hoa hadde eit meir brunt preg. Det var ein geografisk variasjon i fjørdrakta ved at fuglar på Stewart Island var mest brunlege.

Habitatet til gråklatresmetten var i skog og krattskog og utbreiingsområdet strekte seg truleg over store delar av hovudøyane helt til den store nedgangen mot slutten av 1800-talet. Unntaket var NorthlandNordøya der han ikkje fanst. På Sørøya var han vanleg i høgtliggande område med skog. Han var òg vanleg på Stewart Island.

Føda var virvellause dyr som møll og fluger. Dei fanga byttet ved å springe langs greiner på trea, men på Stewart Island beita dei òg mykje på bakken.

Gråklatresmettpara verna territorium berre i hekkeperioden. Reiret var kuleforma med inngang nær toppen, og blei ofte bygd nær bakken blant trerøter, eller lågt inne i trehòler eller i forgreiningar. Reiret var gjort av plantematerialar som mose og fôra med fjører. Eggelegginga skjedde i november til desember, med typisk 2 (3) egg. Det eldste kjente individet av gråklatresmetten blei over 7 år.

Observasjonar etter år 1900

Dei einaste godkjende rapportar av underarten på Nordøya, X. l. stokesi, etter år 1900, var frå sørlege Rimutaka Range i 1918 og frå Urewera framopp til 1955, med sannsynlege observasjonar 13. juni 1949 i nærleiken av innsjøen Waikareiti, og fleire gonger i første halvleiken av 1900-talet i Huiarau Range, og frå Kapiti Island i 1911. Etter munnleg overlevering, levde den siste populasjonen i området der Te Urewera nasjonalpark vart oppretta, ironisk nok rett rundt det tidspunktet då arten kan ha døydd ut.

Dei siste stadfesta rapportane om underarten på Sørøya, X. l. longipes, var frå Arthur's Pass i 1966 og Nelson Lakes nasjonalpark i 1968. Det har eksistert nokre ikkje-stadfesta rapportar etter dette frå Fiordland og Nelson Lakes.

Den tredje underarten, X. L. variabilis, levde på Stewart Island/Rakiura og nærliggande øyar. Det er kjent at dei overlevde på Stewart Island til 1951, men vart truleg utrydda av villkattar. Dei levde òg på Kotiwhenua (Solomon) Island, der dei var rimeleg vanleg fram til tidlege 1960-talet. Somme overlevde på predatorfrie Big South Cape Island til svartrotter invaderte øya i 1964. New Zealand Wildlife Service freista å redde arten ved å flytte alle fuglane dei kunne fange. Dei fanga seks fuglar og overførte dei til Kaimohu Island kor dei ikkje overlevde, men døydde i 1972.

Arten er truleg utrydda, men det er ikkje utelukka at han har overlevd ein ukjend stad.

Kjelder

Referansar

Bakgrunnsstoff

Gråklatresmett: Skildring, Observasjonar etter år 1900, Kjelder  Commons har multimedium som gjeld: Gråklatresmett

Tags:

Gråklatresmett SkildringGråklatresmett Observasjonar etter år 1900Gråklatresmett KjelderGråklatresmett BakgrunnsstoffGråklatresmett1800-taletEndemiskFuglereirKlatresmettfamilienMaoriMårfamilienNew ZealandRotterVirvellause dyr

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Franz MarcNasjonalplantarTyrkiaTuk-tukKalenderCC AmfiGerda GreppArabiskPolenDunning-Kruger-effektenThomas NummeKommunismeMarikkenLohengrinSevlidenJurij KoroljovRepublikkHageBolsjevismeAristokratiFilmserien Harry PotterVincent van GoghNorrøntAcadémie JulianKleopatraDen kinesiske murenUSAPetter Dass54WienerklassisismenTor Erling StaffBouvetøyaStockholms stadshusHufsaMøre og Romsdal fylkeTidlegare kommunevåpen i NoregWales1977Håvard NordtveitDompapNorsk folkedansHundRegnSamleiePål KrabyEsel29KvartsSverigeDet hebraiske alfabetet27-årsklubbenManchester CityHardangerbruaNettlesar2Nord-KoreaHRusslandGuillaume av LuxembourgPierre i Sør-DakotaGullSpesifikk varmekapasitetMadagaskarDavid HeymanBoggi1980LimanuVerdas land etter flateviddNasjonaldyrMS «Berge Stahl»JazzFenresulvenOla Olsson SevleDyrkorn13Peru🡆 More