Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask |
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Hughes H-4 Hercules (betre kjend som Spruce Goose, registrering NX37602) er ein prototype-flybåt som vart konstruert og bygd av Hughes Aircraft Company. Han var meint for transatlantisk transport under andre verdskrigen, men vart ikkje ferdig i tide til å brukast under krigen. Flyet gjorda berre ein kort tur 2. november 1947, og prosjektet kom ikkje lenger enn med det eine eksemplaret som vart bygd. Det vart bygd i tre på grunn av restriksjonar under krigen og bruk av aluminium ville føra til vektproblem. Det fekk kallenamnet Spruce Goose ('Grangåsa') av kritikarane, sjølv om det for det meste var laga av bjørk.
Hercules er den største flybåten som nokosinne er bygd, med det nest største vengespennet som noko fly har floge med. Berre Scaled Composites Stratolaunch, som flaug første gong i 2019, har eit større vengespenn. H-4 er framleis i god stand og er stilt ut ved Evergreen Aviation & Space Museum i McMinnville i Oregon i USA.
I 1942 trong Det amerikanske krigsdepartement å transportera krigsmateriell og personell til Storbritannia. Alliert skipsfart i Atlanterhavet lei tunge tap på grunn av tyske ubåtar. Difor vart det stort behov for eit fly som kunne kryssa Atlanterhavet med stor last. Krigen sine prioriteringar gjorde at fly ikkje kunne byggjast av strategisk materialar (til dømes aluminum).
Idéen til flyet kom frå Henry J. Kaiser, ein leiande entreprenør og kjend for bygging av Libertyskip. Han allierde seg med flykonstruktøren Howard Hughes jr. for å skapa det som skulle verta det største flyet nokosinne bygd på den tida. Det vart konstruert for å frakta 150 000 pund, 750 fullt utstyrte troppar, eller to 30-tonn M4 Sherman-stridsvogner. Den opphavlege nemninga var HK-1 reflekterte Hughes og Kaisers samarbeid.
HK-1 kontrakten vart underteikna i 1942 og omfatta tre fly som skulle byggjast innan to år. Sju forslag vart vurdert, inklusive eit med to skrog og eit med skrog med fire, seks eller åtte motorar. Det siste forslaget som vart vald var ei kjempe, det største nokosinne bygget. Kaiser annonserte the most monumental program in the history of aviation.
Det skulle byggjast for det meste i tre for å spara på metall (høgd og sideror vart dekt med stoff. ), og det fekk kallenamnet Spruce Goose (eit namn Hughes mislikte) eller Flying Lumberyard. Medan Kaiser hadde idéen til konseptet, hadde han liten bakgrunn innan feltet og hadde mistro til Hughes og hans konstruktør, Glenn Odekirk. Utviklinga drog ut, noko som frustrerte Kaiser, som la skulda delvis på restriksjonar med innkjøp av strategiske materialar som aluminium, og delvis på Hughes' som insistera på «perfeksjon». Bygginga av den første HK-1 byrja 16 månader etter kontrakten vart motteken. Kaiser trekte seg då frå prosjektet.
Hughes heldt fram prosjektet på eiga hand under nemninga H-4 Hercules. Hughes sin konstruksjon var opphavleg namngjeve HFB-1 som reflekterte Hughes Flying Boat, og ei kontrakt vart underteikna med regjeringa, men då bygging av berre eit eksemplar. Arbeidet heldt fram langsamt og H-4 vart ikkje ferdig før godt etter slutten på krigen. Den vart bygd av Hughes Aircraft Company på Hughes airport , liggjande i dagens Playa Vista, Los Angeles, California ved bruk av finér og resin, den såkalte Duramoldprosessen. Denne prosessen blandar laminert finér og resin til eit lett, men sterkt byggemateriale som kunne formast, ei form for kompositteknologi. Hughes Aircraft Company brukte denne for den laminerte trekonstruksjon. Han vart vurdert som ein teknologisk tour de force. Den spesielle finér kom frå Roddis Manufacturing i Marshfield i Wisconsin. Hamilton Roddis hadde eit lag med unge kvinner som glatta ut den (vanlegvis tynne) sterke bjerkefinér før den vart seint til California.
Eit transportfirma med røynsle i å flytta hus transporterte flyet i gatene til Long Beach, California. Dei flytta det i tre store delar, skroget, kvar vinge og ein fjerde, mindre, med halen. Etter at Hughes Aircraft hadde fullført montasjen, bygde dei ein hangar rundt flybåten med ei rampe for sjøsetting av H-4 i hamna.
Howard Hughes vart beden om å prøvefly for ein Senatskommite tok over i 1947, før regjeringa hadde løyvd midlar. Under ei Senathøyring 6. august 1947 (den første av ei rekkje høyringar), sa Hughes
Alt i alt, utviklingskostnadene for flyet nådde 23 million dollar. Dette beløpet tilsvarer 283 millionen i 2016.
Hughes returnerte til California under ein pause i Senathøyringane for å køyra ein taxetest med H-4. Den 2. november 1947 byrja taxetestene med Hughes ved kontrollen. Hans besetning omfatta Dave Grant som co-pilot, to flymaskinistar, 16 mekanikarar, og to andre besetningsmedlem. H-4 hadde òg sju inviterte gjester frå pressekorpset, og ytterlegare sju frå industrien. Tretti-seks personar var ombord.
Fire reporterar forlét farkosten for å skriva sina historier etter dei første to taxrundane, medan resten av pressekorpset vart ombord til dagens siste runde. Etter å ha fått fare ut Kanalen mot Cabrillo Beach kom Hercules i lufta, vart verande der 70 fot over vassflata i med ein fart på 135 mph i om lag 1,6 km. I denne høgda merkte H-1 bakkeeffekten. Denne korte flyturen viste tvilarane at Hughes' meisterstykke var flydyktig og ingen sløsing med offentlege midlar. Likevel flaug aldri Spruce Goose igjen. Den fulle kapasiteten til flyet vart aldri testa. Ein heltids arbeidsstyrke på 300 arbeidarar, alle svor i løyndom på å halda ved like flyet i ein klima-kontrollert hangar. Selskapet reduserte styrken til 50 mann i 1962 og så forlét dei han etter at Hughes døydde i 1976.
På midten av 1990-talet vart dei tidlegare hangarane til Hughes Aircraft på Hughes Airport i California, inklusive den som huste Hercules, omdanna til filmstudio. Scener frå filmar som Titanic, What Women Want og End of Days vart filma i den 29 000 m² store hangaren der Howard Hughes bygde flybåten. Hangaren vil vernast som eit bygg som kan verta opp ført i Det nasjonale register over historiske bygningar i det som i dag er industri og bustadsområde i Playa Vista i Los Angeles.
Western Museum of Flight i Torrance, California har ei stor samling av bilete og teikningar frå bygginga av Hercules.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Spruce Goose, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.