Språka i Afrika utgjer ikkje ei eintydig språkgruppe.
Språkforskarar reknar med at det finst over 2000 ulike afrikanske språk. Det er relativt stor semje om at dei fleste av desse – eller alle – kan plasserast i ei av dei fem store språkgruppene nedanfor:
Dei austronesiske språka er ein språkfamilie, og det er sannsynlegvis også niger-kongospråka, sjølv om det enno ikkje er prova med språkvitskaplege metodar. Dei afroasiatiske språka, dei nilosahariske språka og khoisan-språka blir derimot heller omtala som språkfylum (engelsk language phyla), dvs. samlingar av språkfamiliar som har visse sams drag som gjer at dei kan vere i slekt med kvarande, sjølv om det er langt frå prova.
Alle dei afrikanske landa er fleirspråklege, med på det meste over 500 språk (i Nigeria). Den koloniale arven er sterk i Afrika, alle tidlegare koloniar sør for Sahara – unnateke Somalia – har språket til den tidlegare kolonimakta som offisielt språk, i visse døme i lag med eit afrikansk språk (t.d. Tanzania). Kolonispråka dominerer i administrivt bruk, og fleire land bruker berre kolonispråka i skoleverket også. Det er dermed vanleg at skulevesenet og offisielle organ nyttar eit språk, medan eit, eller fleire, heilt forskjellige språk vert nytta i privatlivet. I dei afrikanske landa nord for Sahara er arabisk offisielt språk de jure, men fransk er de facto nytta mykje i statsadministrasjonen – og i det private næringslivet – i både Tunisia, Algerie, Marokko og Mauritania.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Språk i Afrika, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.