Sotra er ei øy vest for Bergen i Øygarden kommune i Vestland.
Ho er 175,90 km² stor og har om lag 20 000 innbyggjarar. På folkemunne femner ofte nemninga «Sotra» også om øyane Bildøyna og Litlesotra. I nord grensar Sotra til øyane Turøyna og Misje.
Sotra | |
---|---|
Fjordlandskap på Sotra. Foto: Frode Inge Helland | |
Geografi | |
Stad | Midhordland |
Koordinatar | 60°16′N 05°03′E / 60.267°N 5.050°E
|
Areal | 175,90 km²
|
Høgaste punkt | Liatårnet (341 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Vestland |
Største busetnad | Ågotnes (3624 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 20 300 (2023) |
Folketettleik | 115 /km² |
Tidlegare høyrde den nordlege delen av øya til Fjell kommune, medan den sørlege halvdelen av øya høyrde til Sund kommune. I samband med kommunereforma vart Fjell slegen saman med kommunane Sund og Øygarden til nye Øygarden kommune i 2020 og heile øya ligg no i ein kommune.
Ei dansk omskriving av namnet, «Sartor», har tidlegare vore i bruk. Dette namnet vert i dag berre brukt av enkelte firma på Sotra (Sartor Storsenter, Sartor Maskin AS og Sartor Skytterlag).
Liatårnet er det høgaste fjellet på Sotra med ei høgd på 341 meter over havet. Eit anna fjell er Gardafjellet.
Sotra Sportsklubb sitt herrelag spelar i 2. divisjon avdeling 2 (2020).
Folketalsutvikling:
1801 | 1900 | 2000 | 2023 |
---|---|---|---|
1848 | 4049 | 13 216 | 20 300 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sotra, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.