Sosialisering

Sosialisering er i sosiologien den prosessen der eit individ vert tilpassa og veks inn i samfunnet.

    For overtaking av private føretak og økonomiske verksemder av samfunnet, sjå nasjonalisering.

Ho føregår i hovudsak gjennom oppseding i oppveksten, men held fram gjennom heile livet, t.d. på skulen og i jobbsamanheng. Ein lærer seg normer, verdiar, kunnskapar og dugleikar som er naudsynte for å vere med i fellesskapen, og for at fellesskapen skal halde fram.

Den fyrste og grunnleggjande sosialiseringa, som vert kalla primærsosialiseringa, får ein oftast i familien frå ein er heilt liten. Han er den fyrste referansegruppa ein møter, og kontakten med andre menneske føregår på eit personleg nivå, ansikt til ansikt. Seinare i livet kjem sekundærsosialiseringa. Til skilnad frå primærsosialiseringa, går denne meir på spesifikke dugleikar og korleis ein brukar dei normene og verdiane ein har lært på ulike stader i samfunnet, som skule og arbeidsliv. Sekundærsosialiseringa er oftast ei meir formell og upersonleg form for sosialisering. I skulen føregår til dømes opplæringa på ein svært formell måte, og ho er mindre personleg enn opplæringa i familien.

Media har også vorte ei viktigare og viktigare referansegruppe som gjeld gjennom heile livet. Påverknaden kjem både gjennom nyhende og reklame, og han gjer endringar i alt frå motar til normer. Andre viktige referansegrupper og sosialiseringsaktørar i oppveksten er m.a. barnehage og vener.

Kjelder

Tags:

ArbeidKunnskapNormSamfunnSkuleSosiologi

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Prawo i SprawiedliwośćPeter Wessel TordenskjoldLeonid BrezjnevMuleselCalling ElvisStilarkTartanKnut Marius DjupvikSauKattVerdshandelsorganisasjonenUrfolk i USAOtto JespersenNordahl Grieg videregående skoleÅl i HallingdalEuphoria av LoreenNederlandKulturminneKilkísOle PausDjengis khanBolsjevik20. april1917Galileo GalileiKattugleDet svenske flaggetSverre WilbergGauklaget i SkaunGoogle ChromeTula oblastAmazon.comØrnJimmy WalesThe Rolling StonesScrabbleSneppålDet Bergenske DampskibsselskabMarit BjørgenPåskeColombiaI Fought the LawA Short HikeZjytomyr oblastFærøyaneKanye WestEurovision Song Contest 2012Dag HammarskjöldHarry PotterTjeldRolv WesenlundStord kommuneTønsberg kommunePink Floyd The WallSnefridSjtipHalloAlaskaSenterpartietBjørnstjerne BjørnsonJerusalemTsjekkoslovakiaDen romerske republikkenOrkidéfamilienDet amerikanske flaggetBlyantkvessar1947The Daily Telegraph1818KleopatraSan Marino i San MarinoMosesKirunaRød snøKvinnheradsdialektJørn Lier HorstFrøGoogle Maps🡆 More