Assyrarar

Assyrarar (gammalsyrisk ܣܘܪܝܝܐ) er ei folkegruppe som har opphavet sitt i Mesopotamia i antikken (seinare Assyria i same område), det vil seie dagens Irak, vestlege Iran, Syria og søraustlege Tyrkia.

På grunn av krig og forfølgingar har hundretusentals assyrarar opp gjennom historia flykta eller utvandra til Kaukasus, Libanon, Syria, Europa, USA og Australia og andre stader. Dei er eit semittisktalande folk som snakkar og skriv særskilde dialektar av syrisk (austarameisk) eksklusivt for Mesopotamia og områda i nærleiken.

Assyrarar
Den assyriske folkedansen khigga.

Som folkegruppe sporar assyrarane slekta si attende til dei gamle sumerisk-akkadiske i Mesopotamia for rundt 4000–3500 f.Kr., og i særleg til dei nordlege regionen av dei akkadiske områda og som vart kjende som Assyria ein gong rundt 2300 f.Kr. Den assyriske nasjon eksisterte som ein sjølvstendig stat og ofte som det mektigaste riket i austlege Asia frå 2300 f.Kr. og fram til slutten av 600-talet f.Kr. Assyria vart verande ei politisk eining sjølv etter at det fall saman og vart styrt som ein okkupert provins under ulike andre rike frå slutten av 600-talet f.Kr. og fram til midten av 600-talet e.Kr. då det vart oppløyst. Det assyriske folket har gradvis vorte ein minoritet i heimlandet sitt sidan den gongen.

I dag er det gamle området deira ein del av fleire nasjonar: nordlege Irak, delar av Tyrkia og nordaustlege Syria. Dei er innfødde til og har tradisjonelt levd over heile det som i dag er Irak, nordaustlege Syria, nordvestlege Iran og søraustlege Tyrkia.

Tradisjonelt omfattar dei tilhengarar av kristne kyrkjer som nyttar den vest- eller austsyriske ritusen og som tradisjonelt har brukt arameisk som liturgisk språk. «Assyrarar» kan i snever forstand reknast som tilhengarane av Den assyriske kyrkja i Austen. Vanlegvis vert namnet brukt i ei vidare tyding, som òg omfattar tilhengarar av blant anna den kaldeisk-katolske kyrkja, den syrisk-katolske kyrkja, den syrisk-ortodokse kyrkja og Den gamle kyrkja i Austen (så lenge dei bur i eller stammar frå Midtausten).

Assyrarar snakkar ulike semittiske språk som assyrisk, kaldensk og suroyo, men òg arabisk, persisk, tyrkisk eller andre språk, alt etter kva for ein stat dei bur i. Det bur i dag 3-4 millionar assyrarar i verda. I nyaste tid har Irak-krigen fortrengt dei assyriske lokalsamfunna då folket har møtt etnisk og religiøs forfølging ved islamistar og arabisk og kurdisk nasjonalisme. Av dei rundt ein millionar eller fleire irakarar som er rapporterte av Dei sameinte nasjonane for å ha flykta frå Irak sidan okkupasjonen er bortimot 40 prosent assyrarar, men assyrarar utgjorde berre rundt tre prosent av den tidlegare irakiske folkesetnaden frå før krigen. I samsvar med ein rapport frå 2013 er det rekna at det berre er 300 000 assyrarar att i Irak.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

ArameiskAssyriaAustraliaDialektEuropaFolkegruppeGammalsyriskIrakIranKaukasusLibanonMesopotamiaSemittiskSyriaTyrkiaUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Kelly ClarksonParisArtemisKorrespondentOslo Øst fotballNyrekapselPanserbataljonenWiki CommonsWayback MachineFrankrikePer PaustBaronDesta Marie BeederKardítsaAudrey HorneIsGrunnstoffet tinnPeriklesPindéosMjøsaFreddie MercurySymbolKathakaliOmanbuktaCelina MidelfartHistorisk oversyn over kommunar i HordalandInternasjonalenPlatonBokormMaiRaimbaut d'OrangeFinding DoryClaudio MonteverdiSoparBodø kommuneISBNBjørnøyaHans Majestet Kongens GardeSvart kattLarvik kommuneEngelskSigmund FreudAmmoniumkloridMagnetisk feltstyrkeRichie FaulknerNykøbing MorsCupheadJordaEbba HultkvistEritreaKirkenærForbundsrepublikkTeltLike-til-likeGrønlandNyttårDag HammarskjöldSong-dynastietC++FrozenNordland fylkePetter SalstenGrønSilvia av SverigeCowboy-LailaSnow White and the Seven DwarfsAdministrativ inndeling i HellasMeteora🡆 More