Sherwin T.
Wine (25. januar 1928–21. juli 2007) var ein amerikansk rabbinar som først og fremst var kjend som grunnleggjaren av Society for Humanistic Judaism.
Sherwin Wine | |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 25. januar 1928 Detroit |
Død | |
Yrke | rabbinar |
Religion | Jødedommen |
Wine studerte ved University of Michigan og ved det reformjødiske Hebrew Union College, der han vart ordinert som rabbinar. Han grunnla Birmingham Temple — den første humanistisk-jødiske meinigheita — i Detroit i 1963.
Han er ein hovudperson i ei lita gruppe av sekulære og ikkje-teistiske jødar som meiner at reint kulturelle uttrykk for jødedom er ein relevant innfallsvinkel til moderne jødisk identitet og meiner at grupper som står for dette synet bør godtakast på lik line med teistisk jødedom.
American Humanist Association utpeikte Sherwin T. Wine som «årets humanist» i 2003.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sherwin Wine, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.