Rypebær er ein plante i lyngfamilien.
Rypebær | |
Rypebær | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Underfamilie: | Arbutoideae |
Slekt: | Arctous |
Art: | Rypebær A. alpina |
Vitskapleg namn | |
Arctous alpina Nied., 1889 |
Arten har ei sirkumpolar utbreiing.
Planten vert kring 5 cm høg, og har tynne sagtagga blad med tydelege nervar. Blada blir sterkt raude om hausten og sit lenge på etter dei er visne. Rypebær har kvit krone og saftige frukter, først grøne, så raude og til slutt glinsande svarte. Planten blømer kring mai månad på rabbar og turr hei, mest til fjells, men og i låglandet. Han veks i alle fjelltrakter i Noreg, og er funnen opp til 1625 m i Jotunheimen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Rypebær, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.