Norske plantefargar er ei samling norske oppskrifer på plantefarging til garn utarbeidde av Johanne Nylænd (1855-1930) frå Rauland.
Boka kom fyrste gong ut i 1904 og var redigert og utgjeven av Rikard Berge. Berge skreiv også føreord til boka, både til fyrsteutgåva, og til andreutgåva som kom i 1923. Nylænd hadde vore kringom og samla opplysningar hjå eldre kunnige folk. I føreordet skreiv Berge at den gamle kunnskapen om dette var på veg ut, kjøpefargane hadde teke over. «Dei gamle hadde ein fargesmak so skir og fin, so frisk og glad, at me med skam må segja me no med alle våre nymotens heimførde fargar fer berre klattar med sjuklege, tunlege avlitir. Å få uppatt denne gode fargesmak er difor også ei uppgåve som kvar for seg lyt taka upp til løysing.»
Forfattar(ar) | Johanne Nylænd og Rikard Berge | ||
---|---|---|---|
Sjanger | Sakprosa | ||
Utgjeven | 1904 | ||
Nasjonalitet | Norsk | ||
Sider | 32 |
1923-utgåva kom i nytt opplag i 1926. So kom ikkje boka ut att før i 1976 då Det Norske Samlaget sende ut ei tredje utgåve med eit tillegg skriven av Ingebjørg Vaagen på grunnlag av arbeid av Sunniva Lønning. Etter at andreopplaget av 1976-utgåva, som kom i 1978, vart seld ut har ikkje boka vore i sal.
I hovudbolken i boka er det oppskrifter med desse plantene:
|
I eit tillegg er det teke med nokre oppskrifter på gamle fargar som anten ikkje er norske, eller ikkje er berre norske, eller ikkje er plantefargar. Dei er:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Norske plantefargar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.