Sirkumpolar utbreiing er eit utbreiingsområde hjå ein art eller ei biologisk gruppe som er meir eller mindre samanhengande rundt enten nord- eller sørpolen.
Utbreiingsområdet kan ligge både i den tempererte og i den kalde sona. I ei snever tyding kan det visa til artar med utbreiing innanfor polarregionane.
Nokre døme på sirkumpolare dyreartar er rein, isbjørn, fjellrev, snøugle, snøsporv, praktærfugl, ringgås og fjelljo i nord, og weddellsel og adeliepingvin i sør. Nokre nordlege sirkumpolare vekstar er harerug, fjellpryd, polarreddik, raudsildre og strandarve.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sirkumpolar utbreiing, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.