Rebel Rebel

«Queen Bitch»

Rebel Rebel
Singel av David Bowie
frå albumet Diamond Dogs
B-side

Utgjeve 15. februar 1974
Innspelt Ludolf Studios i Hilversum i Nederland 14.-16. januar 1974
Sjanger Glamrock
Lengd 4:30
Selskap RCA Records
LPBO 5009
Tekstforfattar David Bowie
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie
David Bowie-kronologi 
«Sorrow»
(1973)
Rebel Rebel «Rock 'n' Roll Suicide»
(1974)


«Rebel Rebel» er ein song av David Bowie, som kom ut i 1974 som singel og på albumet Diamond Dogs. Han vert omtalt som ein av hans mest covra songar, og var Bowie sitt farvel til glammiljøet som gjorde han til stjerne.

Musikk og tekst

Rebel Rebel 
Bowie spelar «Rebel Rebel» på AVRO sitt TopPop i 1974.

«Rebel Rebel» var opphavleg skriven for ein planlagt Ziggy Stardust-musikal seint i 1973, og var den siste singelen Bowie skreiv i glamrockstilen som hadde vorte varemerket hans. Det var òg den første hiten hans sidan 1969 der Mick Ronson ikkje spelte gitar. Bowie speler sjølv gitar på denne songen og nesten alle dei andre songane på Diamond Dogs, som NME-kritikarane Roy Carr og Charles Shaar Murray kalla «ein rocka, skitten lyd som var like mykje inspirert av Keith Richards som han var av Ronno».

Songen er kjend for kjønnstvitydige teksten («You got your mother in a whirl / She's not sure if you're a boy or a girl»), i tillegg til det særeigne riffet, som rockejournalist Kris Needs har skildra som «eit klassisk riff som klistrar seg til hjernen på same vis som Stones sitt 'Satisfaction'». Bowie sa sjølv seinare, «det er eit fabelaktig riff! Rett og slett fabelaktig! Då eg snubla over det var det som 'Åh, takk skal du ha!'» Alan Parker spelte riffet på albumet med ein Les Paul-gitar og ein Fender-forsterkar med ein enkel Wharfedale-høgtalar. Han sa seinare at Bowie hadde laga kring tre fjerdedelar av riffet då han spelte riffet for Parker på ein akustisk gitar. Han bad Parker om å gjere riffet meir likt Rolling Stones. Parker spelte riffet om att på ein elektrisk gitar og la til litt, mellom anna dei tre siste notane av riffet.

Den transseksuelle rockeartisten Jayne County hevdar at «Rebel Rebel» delvis var basert på County-songen «Queenage Baby», som vart spelt inn i januar 1974 av Bowie sitt Mainman Records, men ikkje gjeven ut på den tida. Songen kom seinare ut i 2006 på Wayne County at the Trucks, og somme kritikarar, då dei har høyrt songen, er samd med County.

Utgjeving og etterverknad

Singelen vart raskt ein glam-hymne, den kvinnelege varianten av den tidlegare hitten til Bowie for Mott the Hoople, «All the Young Dudes». Han nådde 5. plass i Storbritannia og 64. plass i USA. I Noreg nådde singelen 9. plass. Den amerikanske utgåva av singelen var ei heilt anna innspeling, spelt inn i april 1974. Den var raskare, tettare og meir sær, med vokaleffektar og Bowie på alle instrumenta utanom Geoff MacCormack på congatrommer. Han vart raskt trekt attende og erstatta av den britiske singelversjonen. Arrangementet frå den amerikanske singelen vart derimot nytta av Bowie på den nordamerikanske turneen i 1974, slik songen er på konsertalbumet David Live.

Etter å ha slutta å spele songen etter Sound and Vision-turneen i 1990, førte Bowie «Rebel Rebel» attende att i 1999 for 'hours...'-turneen. I 2003 vart det spelt inn ein ny versjon av songen med arrangement av Mark Plati og utan referansar til quaaludes som i originalen. Dette vart gjeven ut på ei bonusplata som følgde somme versjonar av Reality same året og på 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs i 2004. I 2004 vart songen òg miksa i ein mash-up med Reality-songen «Never Get Old». Resultatet vart singelen «Rebel Never Gets Old».

Innhald

  1. «Rebel Rebel» (Bowie) – 4:20
  2. (Bowie) – 3:13

Den britiske singelen hadde som B-side, medan den amerikanske versjonen hadde «Lady Grinning Soul».

Medverkande

Lister

Liste (1974–2016) Plassering
Australia (Kent Music Report) 28
Canada 30
Finland 7
Tyskland 33
Irland 2
Noreg 9
Storbritannia 5
US Billboard Hot 100 64
US Billboard Rock Songs 16

Konsertversjonar

  • Eit konsertoptak frå 1974-turneen vart gjeven ut på David Live. Denne versjonen finst òg på den nederlanske samlinga Rock Concert. Eit anna konsertopptak frå 1974-turneen kom ut på det halvoffisielle albumet A Portrait in Flesh.
  • Eit konsertopptak frå 23. mars 1976 vart gjeven ut på Live Nassau Coliseum '76, som kom ut på 2010-utgåva av Station to Station.
  • Eit konsertopptak filma den 12. september 1983 vart gjeven ut i filmen Serious Moonlight på VHS og laserdisc i 1984 og DVD i 2006.
  • Bowie spelte songen på Live Aid i 1985.
  • Songen vart spelt i 1987 på Glass Spider-turneen og gjeven ut på Glass Spider-videoen (1988) og DVD/CD (2007).
  • Bowie spelte songen på Later... with Jools Holland, eit britisk fjernsynsprogram i 2002
  • Den nye versjonen av «Rebel Rebel» frå 2003 vart spelt under Reality-turneen og finst på A Reality Tour. Denne versjonen vart som regel spelt som opningssongen.

Andre utgjevingar

  • Han finst på fleire samleplater:
  • Han vart gjeven ut som biletplate i RCA Life Time og Fashion Picture Disc Set setta.
  • Ein coverversjon av gitarintroen vart nytta i ei rekkje reklamefilmar for Mazda i USA og Canada i 1998/1999.
  • Filmen Detroit Rock City frå 1999
  • Den sjeldne amerikanske singelversjonen vart gjeven ut på Sound and Vision-boksen og på bonusplata til 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs i 2004.
  • 2003-innspelinga vart òg gjeven ut på bonusplata til 30th Anniversary Edition av Diamond Dogs og på bonusplate som følgde somme versjonar av Reality.
  • 2003-utgåva av songen finst på albumet til Charlie's Angels: Full Throttle.
  • Songen vert nytta i filmen Bandslam i 2009.
  • Songen vert nytta i filmen The Runaways i 2010.
  • Han vart nytta i traileren til nylaginga frå 2011 av Arthur.
  • I filmen Arthur 3: The War of the Two Worlds syng rollefiguren Darkos (spelt av Iggy Pop) «Rebel Rebel» under rulleteksten.

Andre versjonar

  • Bryan Adams – Konsertopptak på The Secret Show (1993)
  • Bay City RollersIt's a Game (1977)
  • Shaun Cassidy – Wasp (1980)
  • Clare Quilty - Face the Strange (2005)
  • Dead or Alive - Nukleopatra (1996)
  • Def Leppard i 2002
  • Rick DerringerLive in Cleveland Promo (1976)
  • The Diamonds – Million Copy Hit Songs Made Famous by Elton John & David Bowie
  • Double You – The Blue Album (1994)
  • Duran Duran – Konsertopptak
  • The Great Imposters – Dollars in Drag: A Tribute to David Bowie
  • International Chrysis – Singel (1994)
  • Enrique Seknadje - på Diamond Dogs Revisited (2014) On Sound Cloud
  • Joan Jett & The Blackhearts – Flashback (1993)
  • Rickie Lee Jones – Traffic From Paradise (1993)
  • Seu Jorge – Portugisisk versjon for filmen The Life Aquatic with Steve Zissou (2004)
  • Madonna framførte songen som ei hyllest til Bowie etter han døydde, under Rebel Heart-turneen hennar i Houston i Texas (2016)
  • Magnus Uggla - Godkänd pirat (konsert 1980)
  • Manic Street Preachers - nytta som intro til «Motown Junk» på turneen deira i 2002.
  • Medi and the Medicine Show - BowieMania: Mania, une collection obsessionelle de Beatrice Ardisson (2007)
  • The Mike Flowers Pops
  • Niels – svensk versjon kalla «Punkjävel»
  • Iggy Pop og Lenny Kravitz spelte songen i lag under VH-1 Fashion Awards 1998.
  • The Rockridge Synthesiser Orchestra – Plays David Bowie Classic Trax
  • Sigue Sigue Sputnik – The First Generation (1990) og David Bowie Songbook og Starman: Rare and Exclusive Versions of 18 Classic David Bowie Songs
  • Bruce Springsteen and the E Street Band spelte songen som ei hyllest under den første konserten på The River Tour 2016 i Pittsburg i Pennsylvania den 16. januar 2016, nokre dagar etter Bowie døydde.
  • Slant 6 – Singel
  • The Dykeenies
  • The Smashing Pumpkins – Live i Spektrun i Oslo i Noreg i 1996
  • Tegan and Sara (med Grace Nocturnal) - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003)
  • Twilight Clone – Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Kyosuke Himuro – Live in Tokyo Dome (1989)
  • Kenichi Asai (2006)
  • Terminal Bliss - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Manchester United F.C.-tilhengjarane song eit rop til melodien 'Rebel Rebel' kalla 'Neville Neville' til ære for forsvararane Gary og Phil.
  • Unknown Hinson - Konsert 2009

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Rebel Rebel Musikk og tekstRebel Rebel Utgjeving og etterverknadRebel Rebel InnhaldRebel Rebel MedverkandeRebel Rebel ListerRebel Rebel KonsertversjonarRebel Rebel Andre utgjevingarRebel Rebel Andre versjonarRebel Rebel KjelderRebel Rebel BakgrunnsstoffRebel RebelQueen Bitch

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HaugtussaHerbert HooverMellomalderenVersaillestraktatenAndre pinsedagSør-KynouríaThe Rolling StonesTyrósNitrogenJoseph AddisonLundefuglAshramVerktøyet filFinkefamilienFredrik SolvangAutoritærVitamin KGardasjøenArkadíaMedianTryggve AndersenStyresettTom Waits-løpetPliktetikkNorske dialektarCarles PuigdemontViktoriansk litteraturJordaBrennverdiErnst JosephsonNye SverigeHurtigrutaOdinRisÁrgos-MykínesMarlene StavrumBjørkefinkRekreasjonMagnetventilAvskaffinga av slaveriet i StorbritanniaChristiaan HuygensSjokoladeMongoliaFacebookEnrico CarusoArian EngebøHappy HumanEpídavrosHimmelMitoseAfroamerikansk litteraturMarianna LongaBeltaneChittagongHovudsideChristianiaArabiskHovdebygdaRapsoljeOmastrandOrKorintValborgsmesseaftanFrøylandsvatnetAmasoneDen europeiske unionenBerlinblokadenDygdsetikkDen etiopiske kalenderenØresundbruaFacesWehrmachtAdolf Hitler🡆 More