Raud Flugesopp

Raud flugesopp er ein stilksporesopp av slekta Amanita.

Raud flugesopp
Raud flugesopp
Raud flugesopp
Status
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Soppriket Fungi
Underrekkje: Hymeniesoppar Agaricomycotina
Klasse: Ekte hymeniesoppar Agaricomycetes
Underklasse: Agaricomycetidae
Orden: Skivesoppordenen Agaricales
Familie: Amanitaceae
Slekt: Amanita
Art: Raud flugesopp A. muscaria
Vitskapleg namn
Amanita muscaria

Namnet kjem frå at ein brukte han som insektmiddel, men bruken av soppen som hallusinogent rusmiddel er også kjend langt tilbake i historia.

Kjenneteikn

Raud flugesopp er ein velkjend sopp. Når han er fullt utvaksen er hatten gjerne 12–15 cm i diameter, i sjeldne tilfelle opp til 30 cm. Han har ein særprega blodraud farge som gradvis går over til gul med alderen. Dei kvite flekkane rundt er restane etter membranen (velum) som omgjev soppen når han er i eit tidleg stadium. Stammen er kvit, 5–20 cm i lengd og har eit kolbeaktig fundament som ber restane av det ovannemnde sløret.

Raud Flugesopp 
Raud flugesopp

Habitat

Raud Flugesopp 
Eit eksemplar tatt i Bymarka ved Trondheim.
Foto: Cato Edvardsen

Raud flugesopp lever i symbiose med tre, og veks på røter i forskjellige lauv- og barskogar. Han trivst oftast best saman med bjørk eller gran. Han slår òg utanfor skogsområde, til dømes i parkar og andre stader der det finst tre i nærleiken. I tillegg er dette ein sopp som enkelt kan importerast til andre land og inngå symbiose med andre tresortar. Han finst i heile Noreg.

Varietetar

Det finst fleire varietetar av arten der forskjellen hovudsakleg ligg i fargen:

  • Variant alba er kvit og veks i dei nordlegaste delane av Nord-Amerika
  • Variant flavivolvata er raud, med gule vorter, og finst frå sør i Alaska til Andes-regionen i Colombia.
  • Variant formosa er oransje-gul, og er ein lite utforska europeisk variant.
  • Variant guessowii er gul til oransje, med senter av hatten meir oransje/raudaktig enn rundt kanten. Han finst i dei nordlegaste delane av Nord-Amerika
  • Variant persicina varierer mellom rosa og oransje med svake eller ingen restar av membranen på stammen eller kolben
  • Variant regalis er leverbrun og har gule vorter (no lista som eigen art, brun flugesopp (Amanita regalis).

Gift

Raud flugesopp inneheld ei rekke nevrotoksin. Dei viktigaste er ibotensyre og muscimol. Ibotensyre er ein potent agonist for NMDA-reseptorar og metabotrope glutamatreseptorar. Ho er òg ein svak agonist for AMPA- og kainatreseptorar. Muscimol er ein potent GABAA-agonist og er den viktigaste psykoaktive substansen i raud flugesopp.

Dei aktive toksina til soppen, ibotensyre og muscimol, er vassløyselege. Soppen blir brukt som matsopp i enkelte kulturar, m.a. i Aust-Europa der han først blir kokt i fleire omgangar, og vatnet som no inneheld dei vassløyselege kjemikalia blir bytte med friskt vatn mellom kvart oppkok, og deretter blir steikt. Det har ikkje vore påvist dødsfall ved inntak av raud flugesopp.

Galleri

Kjelder

Bakgrunnsstoff


Tags:

Raud Flugesopp KjenneteiknRaud Flugesopp HabitatRaud Flugesopp VarietetarRaud Flugesopp GiftRaud Flugesopp GalleriRaud Flugesopp KjelderRaud Flugesopp BakgrunnsstoffRaud Flugesopp

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Earl ScruggsKrigAldous HuxleyInkarikets fallVM i alpine greiner 2019Planeten MarsOrbitalEngelskElon MuskCelina MidelfartNordland fylkeNyttårMaud av NoregEnglandRepublikkPolarlysNasjonaldrikkBjørnAegisHovudsideKarsten WarholmNasjonaldraktIslandMotiv i bildeJolene av Dolly PartonUkrainsk kulturEli Kari GjengedalPave Johannes Paul IBoge i arkitekturenBygdedyretSilje NordnesOmanHarry PotterNyrekapselKyle WalkerHydrogencyanidKristiansund BallklubbOksygenFeilslutningTromsø kommuneMartha SkrettebergC++Ivar AasenTeknologiHollandEyvind JohnsonSosialdarwinismeDigitalSpeidarrørslaLemmingRakettFlåklypa Grand PrixOverarmsbeinFelix MendelssohnDigital object identifierDiktVinter-OL 1988HasardInflasjonByar i OmanSamleieRekonvalesensCarles PuigdemontVerkstadFridomssosialismeFRIKAR dance companyDiezeNorsk folkedansProgrammeringsspråket JavaInternasjonalenSnikkarAnatomiske retningsskildringarSopar🡆 More