Ein psykiater er ein lege med vidareutdanning i psykiatri.
Ein lege har seks års grunnutdanning ved eit medisinsk fakultet på eit universitet og atten månader praksisteneste (turnus). Alle legar har psykiatri som ein del av grunnutdanninga.
Ein psykiater har i tillegg ei videreutdanning på minst fem år i psykiatri.
Vidareutdanninga/spesialiseringa føregår ved at ein arbeider som lege under rettleiing på forskjellige psykiatriske behandlingsavdelingar samtidig som ein følgjer eit strukturert undervisningsopplegg. For å bli psykiater må ein også ha tre års psykoterapierfaring med rettleiing. Vidareutdanninga for andre legespesialitetar skjer på tilsvarande måte (indremedisinar, nevrolog, kirurg, augelege etc).
Mange er usikre på skilnadane mellom ein psykiater og ein psykolog.
Ein psykolog har i si seksårige grunnutdanning ved eit universitet opplæring i både normalpsykologi og i klinisk psykologi.
Psykologar kan deretter spesialisere seg i klinisk psykologi (bli psykologspesialist) ved å i løpet av fem år følgje bestemte vidareutdanningskurs, skrive ein vitskapleg artikkel og jobbe som psykolog.
Psykologar kan i Noreg og i dei fleste andre land ikkje skrive ut medikament.
Både legar og psykologar jobbar i psykisk helsevern, eventuelt som psykiatrar eller psykologspesialistar. Arbeidsoppgåvene er ofte overlappande, til dømes ved fleire typar utreiingsarbeid og ved samtalebehandling/psykoterapi.
Andre faggrupper som jobbar i psykisk helsevern er sjukepleiarar (eventuelt spesialisert i psykiatri), kliniske sosionomar, fysioterapeutar, ergoterapeutar og hjelpepleiarar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Psykiater, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.