Sjukepleiar

Ein sjukepleiar er ein helsearbeidar utdanna i sjukepleie.

Sjukepleiarar arbeider i alle delar av helsetenesta. Sjukepleiarar driv både med direkte sjukepleie og leiing av sjukepleietenesta.

Sjukepleiar
Tysk sjukepleiar framfor ei sjukehusseng.

Utdanning

Sjukepleiarutdanninga i Noreg er treårig og gjev bachelorgrad i sjukepleie. I dag er det 46 høgskular som har tilbod om sjukepleiarutdanning.

Autorisasjon

Det er Statens autorisasjonskontor som gjev autorisasjon som helsepersonell og kvar helsearbeidar får eit eige registreringsnummer i helsepersonellregisteret (HPR)

Autorisasjonen skal sikre at sjukepleiaren har dei nødvendige kvalifikasjonar for yrket. Autorisasjonen tek slutt ved fylte 75 år. Sjukepleiarar som ynskjer å jobbe som sjukepleiar etter fylte 75 år må søkje om lisens.

Tittelen «Sjukepleiar» er ein verna yrkestittel med heimel i lov 1999-07-02 nr 64: Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonellova) med seinare endringar. Personar utan autorisasjon har ikkje tilgang til å nytte same tittel eller tittel som liknar eller kan gje inntrykk av at vedkommande har autorisasjon. Den gamle nemninga «Offentleg godkjend sjukepleiar» fall bort med denne lova.

Spesialisering

Nokon sjukepleiarar er spesialsjukepleiarar, med etterutdanning i spesialfelt som anestesisjukepleie, intensivsjukepleie, nevrosjukepleie, barnesjukepleie eller operasjonssjukepleie. Jordmødrer og helsesjukepleiarar (tidlegare helsesøstrer) er òg spesialsjukepleiarar, med unntak av nokre eldre jordmødrer.

For dei fleste spesialutdanningane er det krav om to års klinisk erfaring som sjukepleiar før ein kan byrje på vidareutdanning. Utdanninga skjer på høgskulane. Utdanningane tek frå 1,5 år til 2 år.

Bakgrunnsstoff

Sjukepleiar  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Sjukepleiar

Tags:

Sjukepleiar UtdanningSjukepleiar AutorisasjonSjukepleiar SpesialiseringSjukepleiar BakgrunnsstoffSjukepleiarSjukepleie

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

SionistKondariótissaEdderkoppar i kulturenDag HammarskjöldArne GarborgEddiksyreFase-arrangert antenneLidar kyrkjeSosialismeTaigaspissmusKleopatraHundOzelotEx-utstyrAndre pinsedagOrlogsfartøyHarald EiaNanoteknologiBirger EriksenCyanIngvild KjerkolSang til BergenTore ScheiAfrikaPanterCalisotaPlantarOppland fylkeSigmaSvart kattLilleNapoléon BonaparteLinerleSvein HoldenJens StoltenbergInternet ExplorerJødedommenCharlène av MonacoSamiske språkMaiSkogfinnarIransk geografiISO 8601SamleieEli Kari GjengedalEpisenterOsloAtomSyriaIrakDurgaMatterhornFaryngittMjølkFugloyPippi LangstrømpeTidlegare kommunevåpen i NoregVassendgutaneHTMLEØSNoregs MållagRubjerg Knude FyrIALA maritime bøyesystemHestekraftMount EverestFinlandKlima i AustraliaVinje kommuneNorsk ytre språkhistorieBuskerud fylkePlaneten JupiterNorsk fonologiMontmorillonittBrønnøymålRekreasjonEiffeltårnetNeil Patrick Harris🡆 More