Tempo

Tempo er i musikalsk terminologi eit uttrykk for snøggleiken til ein takt eller ein rytme.

Sjølve ordet tempo er italiensk for tid. Tempoet i eit musikkstykke vert markert i starten av stykket. I moderne musikk nyttar ein eininga BPM, som står for «beats per minute» eller på norsk taktslag pr. minutt. Det tyder at ein spesifiserer lengda av eit taktslag og deretter kor mange av desse som skal spelast per minutt. Denne matematiske utrekninga av tempo vart populær i løpet av 1800-talet, då dei første metronomane vart laga. Desse var riktignok høgst upålitelege.

Italienske tempomarkeringar

Vanlege tempomarkeringar

Dei vanlegaste tempomarkeringane på italiensk er:

  • Grave - særs langsamt og høgtidleg
  • Largo - langsamt og breitt
  • Adagio - langsamt
  • Lento - langsamt
  • Andante - i gåande fart
  • Moderato - moderat, passeleg - verken hurtig eller langsamt
  • Allegretto - «litt allegro», moderat hurtig
  • Allegro - hurtig
  • Presto - særs hurtig
  • Prestissimo - så hurtig som mogeleg

Graderingar

  • non troppo - ikkje for mykje; til dømes Allegro non troppo (eller Allegro ma non troppo) som tyder «Hurtig, men ikkje for hurtig».
  • molto - veldig, som i Allegro molto
  • poco - litt, som i Poco Adagio
  • piu - meir, som i Piu Allegro
  • meno - mindre, som i Meno Presto
  • Ulike suffiksar frå italiensk vert brukt, i tillegg til Allegretto; Andantino, Larghetto, Adagietto, Larghissimo, Prestissimo.

Uttrykk som markerer endring av tempoet (agogikk)

  • Accelerando - gradvis hurtigare (fork.: accel.)
  • Meno Mosso - mindre rørsle eller langsamare
  • Più Mosso - meir rørsle eller hurtigare
  • Rallentando - gradvis langsamare (fork.: rall.)
  • Ritardando - gradvis langsamare (fork.: rit.)

Tempomarkeringar på andre språk

Franske tempomarkeringar

  • Grave - langsamt og høgtideleg
  • Lent - langsamt
  • Modéré - i eit moderat tempo
  • Vif - livleg
  • Vite - hurtig
  • Très - veldig, som i Très vif
  • Moins - mindre, som i Moins vite

Tyske tempomarkeringar

  • Langsam - langsamt
  • Mäßig - moderat
  • Lebhaft - livleg
  • Rasch - fort
  • Schnell - hurtig

Tempomarkeringar på engelsk

Engelske indikasjonar, til dømes quickly (fort), har òg vorte brukt, av Benjamin Britten, av mange andre. I jazz og pop kan indikasjonar (som markerer tempo og stil) lik desse førekome;

  • Fast - hurtig
  • Laid back - avslappa
  • Ballad - ballade
  • Medium - moderat
  • Medium-up - moderat til hurtig

Kjelder

Tags:

Tempo Italienske tempomarkeringarTempo markeringar på andre språkTempo KjelderTempo1800-taletItalienskMetronomMinuttRytmeSnøggleikTaktTid

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

13. januarVestland fylkeSojuStord kommuneAnne B. RagdeNorovirusNe me quitte pasVaktlarTysklandDavid CameronHotel CaliforniaOrientråkeKattLPåskehareDe Long-øyaneProfessor emeritusFaryngittVevdesignSjivaMeranoOdontologiAbkhasiaFøderal republikkErling SkakkeLyonEiffeltårnetBloggIALA maritime bøyesystemLouis PasteurSan Jose i CaliforniaKrysantemumTuonela-svanaDen normanniske erobringa av EnglandAust-Agder fylkeLemmingHarald EiaHalvdan SvarteNonGustav StrømsvikStratovulkanPhilip Seymour HoffmanSjøfartLen i SverigePåskekrimMartin ØdegaardFribyNetflixSløvågPumaSkjørbuksurtAntoinette de JongFareskiltJiddaEukaryotarPatrick RoestTreriksrøysaMarit BjørgenDet nederlandske koloniriketHaakon Magnus av NoregPåskekyllingØystein SundeEddiksyreTorFloyd CramerRelativitetsteorienBokstaveringsalfabetOsterøy kommuneTranebærGammalkatolskTrigonometrisk funksjonPumoriut8dxTransnistriaHeine T. BakkeidAmund Skiri🡆 More