Sjølve ordet tempo er italiensk for tid. Tempoet i eit musikkstykke vert markert i starten av stykket. I moderne musikk nyttar ein eininga BPM, som står for «beats per minute» eller på norsk taktslag pr. minutt. Det tyder at ein spesifiserer lengda av eit taktslag og deretter kor mange av desse som skal spelast per minutt. Denne matematiske utrekninga av tempo vart populær i løpet av 1800-talet, då dei første metronomane vart laga. Desse var riktignok høgst upålitelege.
Italienske tempomarkeringar
Vanlege tempomarkeringar
Dei vanlegaste tempomarkeringane på italiensk er:
- Grave - særs langsamt og høgtidleg
- Largo - langsamt og breitt
- Adagio - langsamt
- Lento - langsamt
- Andante - i gåande fart
- Moderato - moderat, passeleg - verken hurtig eller langsamt
- Allegretto - «litt allegro», moderat hurtig
- Allegro - hurtig
- Presto - særs hurtig
- Prestissimo - så hurtig som mogeleg
Graderingar
- non troppo - ikkje for mykje; til dømes Allegro non troppo (eller Allegro ma non troppo) som tyder «Hurtig, men ikkje for hurtig».
- molto - veldig, som i Allegro molto
- poco - litt, som i Poco Adagio
- piu - meir, som i Piu Allegro
- meno - mindre, som i Meno Presto
- Ulike suffiksar frå italiensk vert brukt, i tillegg til Allegretto; Andantino, Larghetto, Adagietto, Larghissimo, Prestissimo.
Uttrykk som markerer endring av tempoet (agogikk)
- Accelerando - gradvis hurtigare (fork.: accel.)
- Meno Mosso - mindre rørsle eller langsamare
- Più Mosso - meir rørsle eller hurtigare
- Rallentando - gradvis langsamare (fork.: rall.)
- Ritardando - gradvis langsamare (fork.: rit.)
Tempomarkeringar på andre språk
Franske tempomarkeringar
- Grave - langsamt og høgtideleg
- Lent - langsamt
- Modéré - i eit moderat tempo
- Vif - livleg
- Vite - hurtig
- Très - veldig, som i Très vif
- Moins - mindre, som i Moins vite
Tyske tempomarkeringar
- Langsam - langsamt
- Mäßig - moderat
- Lebhaft - livleg
- Rasch - fort
- Schnell - hurtig
Tempomarkeringar på engelsk
Engelske indikasjonar, til dømes quickly (fort), har òg vorte brukt, av Benjamin Britten, av mange andre. I jazz og pop kan indikasjonar (som markerer tempo og stil) lik desse førekome;
- Fast - hurtig
- Laid back - avslappa
- Ballad - ballade
- Medium - moderat
- Medium-up - moderat til hurtig
Kjelder
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tempo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.