Pigghaiar eller taggpansarhaiar (Acanthodii) (av gresk: akantha - «torn», «pigg») er ein klasse av fiskar som levde frå silur til og med perm.
Pigghaiar | |
Status | |
Status i verda: Utdøydd | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Infrarekkje: | Kjevemunnar Gnathostomata |
Klasse: | †Pigghaiar Acanthodii Owen, 1846 |
Pigghaiane ser ut til å ha felles forfedrar med dagens beinfiskar. Klassen hadde både ferskvass- og saltvassartar. Namnet pigghai fekk dei fordi finnane framme var støtta av ein pigg. Pigghaiane er den einaste fiskegruppa som har opp til seks par finnar mellom bryst- og bukfinnane.
Hovudet var dekt av små beinplater, medan kroppen hadde eit dekke av små, tjukke og firkanta skjel. Finnane var i forkant støtta av ein kraftig pigg, som har gjeve dei namnet. Hos dei fleste artane fanst det mellom bryst- og bukfinnane frå eitt til seks par små, finnepar med pigg i forkant. Ein del arter hadde utvikla gjellelokk.
Ein har funne finnepiggar i devon-avsetjingar i Noreg og på Svalbard.
Kjende slekter av taggpanserhaiar er Acanthodes og Climatius.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pigghaiar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.