Slangeberaren (frå latin Ophiuchus) er eit stjernebilde rundt ekvator på himmelkvelvinga.
Slangeberaren var eit av dei 48 stjernebileta astronomen Klaudios Ptolemaios oppførte på 100-talet, og er i dag eit av dei 88 moderne stjernebileta.
Slangeberaren | |
---|---|
Latinsk namn | Ophiuchus |
Forkorting | Oph |
Genitivsform | Ophiuchi |
Symbologi | Asklepios, guden for legekunst |
Rektasensjon | 17 h |
Deklinasjon | 0° |
Areal | 948 kvadratgrader nr. 11 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 | 5 |
Sterkaste stjerne | Ras Alhague (α Oph) (2,1. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde | |
Synleg mellom breiddegradane +80° og −80° | |
Slangeberaren ligg mellom Ørna, Slangen og Herkules, nordvest for sentrum av Mjølkevegen. Den sørlege delen ligg mellom Skorpionen i vest og Skyttaren i aust. På den nordlege halvkula er det best synleg om sommaren.
Barnardstjerna er ein av dei nærmaste stjernene til solsystemet (dei einaste som ligg nærmare er Alfa Centauri og Proxima Centauri) og ligg i Slangeberaren. Ho ligg til venstre for β og like nord for ei V-forma gruppe av stjerner.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Slangeberaren, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.