Perth er ein by i Australia og delstatshovudstad i Vest-Australia.
Han har over 1,6 millionar innbyggjarar, rundt tre fjerdedelar av innbyggjarane i delstaten, og er den fjerde største byen i landet. Perth ligg langs breidda av Swan River, 15 km frå utløpet. Byen er eit viktig jernbaneknutepunkt og industriområde. Klimaet er mildt, subtropisk og solrikt.
Perth | ||
---|---|---|
Foto: Dietmar Rabich | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Australia | |
Grunnlagd | 1829 | |
Geografi | ||
Flatevidd | 6 418 km² | |
Innbyggjarar - By (2009) - folketettleik | 1 658 992 310/km² | |
Tidssone - Ved sommartid | AWST (UTC+8) UTC+9 (UTC) | |
Diverse anna | ||
Heimeside: https://perth.wa.gov.au/ |
Perth-området var opphavleg folkesett av aboriginske noongarar. Byen blei grunnlagd av britiske nybyggjarar i 1829 på grunn av frykt for fransk kolonisering av området. I 1901 hadde han berre 36 274 innbyggjarar. Sidan 1950-åra har folketalet vokse mykje gjennom innvandring; først frå Sør-Europa, deretter frå Aust-Europa, Asia og Sør-Afrika.
Perth har petroleumsraffineri, stålverk, forbruks- og næringsmiddelindustri. Store delar av økonomien baserer seg på gruvedriften i Vest-Australia. Det finst to universitet her, det første grunnlagd i 1911 og det andre i 1975. Det finst ei katolsk og ei anglikansk domkyrkje her.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Perth, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.