Perfektum Partisipp

Perfektum partisipp er ei av hovudformene ved bøying av verb.

Perfektum partisipp i nynorsk

Sterke verb dannar perfektum partisipp ved skifte av stomnvokalen etter avlydklasse, tillagt endinga -en, frå norrønt -inn. (Å fare, fer, for, faren). Somme sterke verb har i nyare språk fått endinga -dd eller -tt, etter analogi frå linne verb. (Å slå, slår, slo, slått).

Linne verb av fyrste verbklassa (kasta) har perfektum partisipp samanfallande med preteritum. For andre linne verb vert partisippet som eit preteritum der ein e er teken bort frå endinga (dømde - dømd, tenkte - tenkt).

Adjektivisk bøying

Partisipp har adjektivisk bøying, slik at dei sterke partisippa på -en følgjer adjektiva som endar på -en, med den skilnaden at partippformene ikkje har sideforma [-ent] i nøytrum. Dei linne verba har i regelen adjektivisk bøying, men det er unntaksreglar for verb med visse konsonantkombinasjonar.

Partisipp får samsvarsbøying etter hjelpeverba vere, verte og bli (han vart dømd, det vart dømt, dei vart dømde), medan dei får vanleg nøytrumsform etter ha og (han har dømt, han fekk dømt).

Partisipp kan gradbøyast i komparativ og superlativ ved omskriving med meir og mest.

Kjelde

Tags:

Verb

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

DeltaVoss heradListe over primtalBrødskiveKjemisk formelNasjonaldraktHardingdialektOppland fylkeLavaAspropótamos i TríkalaSpekkhoggarStore norske leksikonFredrik SolvangGarden KatthultFrankrikeVendlandPeriferieininga TríkalaFelix MendelssohnDUF-nummerDen muslimske verdaBygdedyretMånenHellerman RocksPorsgrunnssangen23. aprilGulRonja RøverdatterEvnukkSilje NordnesHundRaudstrupeVaktelBo WiderbergAust-ArjithéaStareMesonGjærØrland kommuneNorsk ytre språkhistorieSpedbarnKristopher SchauRimFeilslutningEllen DeGeneresSilvia av SverigeBrennverdiIltalehtiNykøbing MorsNasjonalbiblioteketVM i fotball 2022Motiv i bildeTeltMetéoraDen austerrikske arvefølgjekrigenAlta-Kautokeino-vassdragetSystem of a DownVipeClaus JervellHappy HumanFranz LisztBaronSophie EliseIndonesiaVossamålHvaler kommuneVM i alpine greiner 2019Pannemerke i hinduismenNyttårKirkenærGonzález IslandJesusJordbruksrevolusjonenEngelskSpesifikk varmekapasitetSpeidarrørsla🡆 More