Sterke verb er eit særmerke for germanske språk.
Dei er kjenneteikna ved at dei markerer skifte i tid (og i somme språk tal) ved at rotvokalen vekslar etter eit avlydsmønster når dei vert bøygde, som t.d. bryte–braut–brote (nn), bryta–bröt–brutit (sv), break–broke–broken (en) eller brechen–brach–gebrochen (ty). Til gjengjeld kan dei mangle tradisjonell bøygningsending, slik vi finn i dei fleste svake verb.
I nynorsk språk vert dei sterke verba bøygde i sju klassar. Her er berre ei infinitivsform og ei preteritumform medteken; merk at infinitiv valfritt kan ha a-ending (evt. kløyvd infinitiv) og at perfektum partisipp kan ende på -i. Som sideform kunne sterke verb ha endinga -er i presens før rettskrivingsreforma i 2012, da uttalt med tonelag 1.
kl. | infinitiv | presens (notid) | preteritum (fortid) | perfektum partisipp |
1. | bite | bit | beit | bite |
2. | bryte | bryt | braut | brote |
3a. | breste | brest | brast | broste |
3b. | finne | finn | fann | funne |
3c. | søkke | søkk | sokk | sokke |
4. | bere | ber | bar | bore |
5a. | lese | les | las | lese |
5b. | ete | et | åt | ete |
6. | fare | fer | for | fare |
7a. | blåse | blæs | bles | blåse |
7b. | få | får | fekk | fått |
I den fyrste landsmålsnormalen Ivar Aasen utarbeidde, kunne rotvokalen òg skifte i preteritum fleirtal. Restar av slik fleirtalsbøyging finst enno i Hallingmål.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sterke verb, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.